Sport | 27. sep. 2014

Slurva seg frå poeng

Lysekloster tapte 2-3 heime mot Bjarg. – I dag fortente vi ikkje betre, seier Torbjørn Birkeland.

Slurva seg frå poeng
Situasjonen der Thorbjørnsen blei utvist (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 27. sep. 2014 16:36

Lysekloster låg under 0-1 og 1-2, men kom tilbake og utligna. Etter 77 minutt blir Bjarg sin spelar Kristoffer Kvam utvist etter å ha felt ein Lyseklosterspelar på veg igjennom. Likevel er det gjestene som avgjer, to minutt på overtid.

– Vi fortener ikkje å vinna når vi ikkje er påmeldt når vi kjem på kamp.

– Det nyttar ikkje yte 80% og tru vi skal vinna, seier en tydeleg skuffa Lysekloster-trenar, Torbjørn Birkeland.

Slurva og var upresise

Første omgangen var prega av mykje spel midt på banen og mykje slurv frå Lysekloster si side.

– Det har du heilt rett i. Vi slurvar på enkle mottak og ser etter dei vanskelege pasningane i staden for å gjera det enkelt.

– Slik vi speler i dag, så ligner vi definitivt ikkje på ein opprykkskandidat.

– Vi hadde feil inngang til kampen, både spelarane og vi i trenarapparatet. Vi bommar på både det taktiske og laguttaket.

– Vi forventar meir av kvarandre enn dette her, oppsummerar Birkeland.

Lysekloster-Bjarg 2-3 (1-1)
Gule kort: Lysekloster: Johannes Jordal, Knut Eriksen Eide, Thomas Helland. Bjarg: Lars Fredriksson Svelvik.
Raudt kort: Bjarg: Didrik Milde Thorbjørnsen
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Sigve Rørstad, Simen Birkelund, Baste Jonassen, Johannes Jordal, Preben Borgen (Steffen Finsådal, 62), Thomas Helland, Preben Skorpen, Knut Eriksen Eide (Martin Eidsvik, 45), Aleksander Andersen, Joakim Hjelmeland (Endre Hansen, 62)

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.