Lokal | 31. aug. 2015

«Småbruket i gutten»

Lesarinnlegg: Det er både eit nasjonalt og eit lokalt ansvar å stanse nedbygging av dyrka mark. Dette kan vi lokalpolitikarar styre med ein klok arealpolitikk, skriv Siren Tømmerbakke (Sp).

«Småbruket i gutten»
Plasseringa av brannstasjonen på den beste matjorda vitnar om manglande vilje til klok arealpolitikk til beste for å stansa nedbygging av dyrka mark, skriv Siren Tømmerbakke (Foto: Finn Erik Moberg)
Andris Hamremandag 31. aug. 2015 12:32

Thomas Zeltser, urban kjendis, kjent for dei fleste frå programmet Trygdekontoret, fortel at han blei overraska då han tok testen i valgomaten til Aftenposten. Svaret som kom fram var at han burde stemme Senterpartiet. Han prøver sjølv å finne ei forklaring i slekt og røter i bondekultur: «Du kan ta gutten ut av småbruket, men ikke småbruket ut av gutten» er kommentaren hans. Kanskje tenkjer du også at Senterpartiet er partiet for dei på bygda og for bøndene? Ja, Senterpartiet er eit parti som er opptatt av bygdene, desentralisering og landbruk. Vi er opptatt av trygg matproduksjon og gode nærmiljø. Men, Senterpartiet er også eit parti for deg som ynskjer å bu sentralt, i ein by eller tettstad. Du som sjeldan er i nærkontakt med traktor, kyr og bønder, men som likevel har «småbruket i deg». Du er opptatt av korleis maten din blir produsert. Du ynskjer å ferdast i ope landskap. Du vil gjerne ta med deg borna til eit gardsbruk der dei kan møte dyr, hoppe i høyet og sjå kor maten kjem frå. Du vil at det også i framtida skal produserast trygg mat på norske ressursar. Senterpartiet representerer desse verdiane.

Nyleg kom lokale talentfulle og kreative musikarar og filmprodusentar ut med ny musikk og film til Os-songen. Som meg går du kanskje rundt å syng litt Ossong for deg sjølv etter å ha sett kor flott dette blei? «Me kjenner kvar gard og me kjenner kvar grend…». Vi kan framleis vise fram eit Os der omgjevnadane, tekst og bilete er i harmoni. Mykje av det landskapet vi får sjå er landbruket sitt kulturlandskap. Eit landskap forma av jordbruksdrift. Eit landskap som vil endre seg dersom landbruksdrifta tar slutt, om vi vel å bruke den dyrka marka til byggjeland.

Vi bur i eit land med knappe jordressursar, med vel 3% dyrka mark. Difor er det både eit nasjonalt og eit lokalt ansvar å stanse nedbygging av dyrka mark. Dette kan vi lokalpolitikarar styre med ein klok arealpolitikk. Det har vi ikkje gjort til no. Treng du ei påminning om Os-politikken er det berre å køyre forbi Moberg. Der ser du den raudstripa brannstasjonen midt i den beste matjorda. Det var ikkje vilje til å finne alternative areal. Det politiske fleirtalet har nyleg vedteke fleire planar som tar dyrka mark til utbyggingsformål.

Landbrukspolitikk er eit tema som blir debattert nasjonalt, gjerne kring dei årlege jordbruksforhandlingane. I år er jordbruk også blitt eit tema i den lokale valdebatten. Det likar vi i Senterpartiet. Kanskje ser fleire at dette er eit viktig tema som angår ikkje berre dei som har yrkje sitt i landbruket men også «folk flest» ? Også FRP har gitt landbruket plass i valkampbrosjyrane sine. Dei viser til at dei vil sikre landbruksinteressene gjennom kjerneområde for landbruk. Ja, vi har kjerneområde for landbruk, men sanninga er at det ikkje var politisk vilje til å ta dei areala som er i aktiv drift inn i kjerneområda. Resultatet etter politisk behandling blei vesentleg redusert i høve til dei innspela bøndene sjølv kom med i planarbeidet. Gode landbruksområde i bygda ligg no utanfor kjerneområdegrensene. Det politiske fleirtalet har heller ikkje hatt respekt for grensene dei sjølv har sett på kartet. Også areal som ligg i kjerneområda blir bygd ut.

Arealpolitikken i Os har ikkje vore berekraftig. Vi håper på eit val der Senterpartiet, i samarbeid med andre parti som har vore kritisk til utviklinga i Os, kan komme i posisjon. Slik kan vi få ei endring. Dersom du er synes matproduksjon og vern av matjorda er ei viktig sak, bruk stemma di på Senterpartiet! Vi treng ny arealpolitikk i Os. Godt val!

Siren Tømmerbakke,
1.ste kandidat Os Senterparti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.