Næringsliv | 03. mai 2012

Snart klare for overtaking

18. juli er det overtaking av trinn éin i Os Sjøfont. Den første leilegheita er ferdig, vi har vore på omvising.

Snart klare for overtaking
Frå stua i visingsleiligheta med utsikt om Ferstadneset og Mobergsvikjo (foto: Kari Marie Austevoll)
Kari M. Lyssandtorsdag 03. mai 2012 14:02

Bildeserie:

Bygg H er i ferd med å få kledningen på plass og gje inntrykk av korleis Os sjøfront blir (foto:KMA)
Bygg H er i ferd med å få kledningen på plass og gje inntrykk av korleis Os sjøfront blir (foto:KMA)
Ei leiligheit er innreiia for å kunne visa potensielle kundar korleis det blir (foto:KMA)
Ei leiligheit er innreiia for å kunne visa potensielle kundar korleis det blir (foto:KMA)
Soverom med sjøutsikt (foto:KMA)
Soverom med sjøutsikt (foto:KMA)
Gjesterom med det same (foto:KMA)
Gjesterom med det same (foto:KMA)
Sol og lyden av bølgeskvulp (foto:KMA)
Sol og lyden av bølgeskvulp (foto:KMA)
Med utsikt innover mot Os og utover Bjørnefjorden (foto:KMA)
Med utsikt innover mot Os og utover Bjørnefjorden (foto:KMA)
Når promenaden framfor bygga blir ferdig kan du gå langs sjøen frå sentrum til Vikjo (foto:KMA)
Når promenaden framfor bygga blir ferdig kan du gå langs sjøen frå sentrum til Vikjo (foto:KMA)
Mellom bygga skal det anleggast grøntanlegg (foto:KMA)
Mellom bygga skal det anleggast grøntanlegg (foto:KMA)
1 av 8

Det er ikkje mange månadane igjen til dei første eigarane av husværa i Os Sjøfront flyttar inn. Midtsiden fekk vera med inn i visningsleilegheita som er ferdig innreia og innflyttingsklar.

-Dei første skal etter planen overta husværa 18. juli, seier assisterande anleggsleiar frå Veidekke, Tor Jacobsen.

Ventar på promenaden

Søndag 22. april hadde Stor Bergen Boligbyggerlag, som sel dei 86 husværa i Os sjøfront, visning på den ferdige leiligheita. I løpet av timane dei hadde ope var det ein straum av nysgjerrige som ville sjå korleis det blir sjåande ut ved fjorden.

Fleire av dei Midtsiden snakka med meinte det såg lovande ut. Spesielt gav mange uttrykk for at dei gler seg til brygga framfor husa blir ferdige slik at det går an å gå langs sjøen frå sentrum til Mobergsvika.

- Den blir veldig bra når vi blir ferdige. Mellom anna kjem det fleire båtplassar både for dei buande og for gjestar.

- Mellom husa blir det parkanlegg med grøne lunger, fortalde Jacobsen medan han viser oss rundt.

66 selt

Til no er det selt 66 leiligheitar, 13 i bygg H (nærmast Oseana), 21 i bygg I, 13 i bygg J og 19 i bygg K (nærmast sentrum).

Det er husværa i dei to ytste bygga som skal vera ferdige i år. Byggetrinn to som omfattar dei to inste blokkane (J og K) skal stå ferdige i 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.