Sport | 04. juli 2015

Snookerstjerne heldt kurs i Os

Over 100 millionar TV-sjåarar har sett Kurt Maflin spela. Førre helg underviste han i ein privat kjellar i Os.

Snookerstjerne heldt kurs i Os
Kurt Maflin er i verdstoppen, men tok seg likevel tid til undervising i Os. F.v.: Sundøy, Fjell, Maflin og Rundsveen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. juli 2015 07:39

Bildeserie:

I september opnar ny salong i Os. I helga spelte dei i kjellaren til Rundsveen. (Foto: KVB)
I september opnar ny salong i Os. I helga spelte dei i kjellaren til Rundsveen. (Foto: KVB)
Maflin var i vår nær på å slå regjerande verdsmeister, men tapte 9-10.  (Foto: KVB)
Maflin var i vår nær på å slå regjerande verdsmeister, men tapte 9-10. (Foto: KVB)
1 av 2
I september opnar ny salong i Os. I helga spelte dei i kjellaren til Rundsveen. (Foto: KVB)
Maflin var i vår nær på å slå regjerande verdsmeister, men tapte 9-10.  (Foto: KVB)

Kurt Maflin er fødd i London og byrja å spela snooker som 7-åring. Han blei tidleg vurdert som det største talentet verda har sett, då han var 10 år gamal lagde han sin første 100-serie, noko berre fem andre i verda har klart i så ung alder.

Han har EM-sølv og gull frå VM for amatørar, blei proff som 16-åring og er ein av 17 spelarar i verda som har klart å laga ein maksimumsserie (147 poeng) to gongar.

– Ein maksimumsserie er som hole-in-one i golf, bortsett frå at det her er snakk om dyktighet, ikkje flaks. Det utruleg at vi har fått til å trena saman med ein som Kurt, seier snookerspelar Reidar Rundsveen frå Os Biljardklubb.

Les òg: Her opnar snooker- og biljardsalong

Maflin er i høgste grad framleis aktiv. I 2011 kvalifiserte han seg for Main Tour, der han to gongar kom til semifinale og fleire gongar i kvartfinale. I 2011 spelte han på direktesendt TV mot Kinas største stjerne, Ding Junhui. 100 mill i Kina og 30 mill i Europa såg kampen.

– Årets sesong har vore dårleg, men eg fekk ei fin avslutting då eg leia over regjerande verdsmeister, men tapte 9-10, seier Maflin til Midtsiden då vi møtte han heime i kjellarstova til Rundsveen førre helg.

Noreg og Vestlandet

I 2004 flytta Maflin til Noreg. No bur han her med norsk kone og barn.

– Ein av dei eg speler mot i noregscupen, Per Egil Fjell frå Sarpsborg, er ven av Maflin. Eg kom i kontakt med verdsstjerna, som takka ja til å koma og kjøra ein liten turné med privatundervising på Vestlandet.

Rundsveen organiserte med reise og program, og 12 ulike snookerspelarar meldte seg på for å få instruksjon.

– Det blei instruksjon torsdag kveld, heile fredag på Stord og laurdag og søndag på Os. Vi fekk to timar kvar, og det blei to veldig lærerike timar.

Ein heilt eigen idrett

Både Rundsveen og tidlegare Os Biljard & Sportsbar-eigar Hans Olav Sundøy var blant deltakarane som fekk instruksjon i verdsklasse førre helg.

– Snooker er veldig ulikt biljard. Bordet er større, kulene og hola er mindre og spretten i vant er ulik. Det kan sjå lett ut på TV, og ein god biljardspelar kan av og til undrast over kuler som spelarane ikkje får ned. Men når du har spelt litt snooker så merker du forskjellen, seier Sundøy.

– Det som både var bra og utfordrande med undervisinga til Kurt er at han tok alt frå basic. Vi har aldri fått skikkeleg instruksjon i snooker før, og har nokre innarbeidde uvaner, så det var ganske spesielt. Etter denne typen innføring er det visst vanleg at du speler litt svakare til du får inn rett teknikk, for så å få endå større framskritt, seier Rundsveen.

– Far til Kurt var sjølv instruktør i snooker, og han har, i tillegg til å vera ein god spelar, arva gode pedagogiske evner.

Veksande idrett

Os Biljardklubb har denne veka signert leigekontrakt og opnar i september klubblokale med fire biljardbord og fire snookerbord.

– Snooker er meir krevjande, men er sterkt veksande i Noreg, seier Reidar, som sjølv har spelt aktivt i berre tre år, og konkurrert i eitt.

– I nytt klubblokale vil vi kunna spela både biljard og snooker, og no også kunna instruera nye spelarar i begge delar på ein betre måte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.