Lokal | 30. sep. 2016

Snudde i Kloppamyro

Frp/H snudde administrasjonen si innstillling og vil legga ut planane om butikk i Kloppamyro ut til offentleg ettersyn.

Snudde i Kloppamyro
På denne tomta i Kloppamyro vil Norgesgruppen etablera ein butikk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 30. sep. 2016 10:09

Administrasjonen ville seie nei til daglegvarehandel i Kloppamyra då dette ikkje stettar dei overordna retningslinjene om samordna areal- og transportplanlegging og heller ikkje er i tråd med føresegnene i Regional plan for attraktive senter.

– Vi er av den oppfatning at det ikkje er modent for ein matbutikk i Kloppamyro. Den eine grunnen er diskusjonen vi har hatt om diskusjon om butikk i Dahlsvegen, som ligg mykje nærare bustadområdet der ute. Det andre er dette med kor vi skal ha nærsentra i Os. Det blir avklart i løpet av hausten slik eg forstår det.

– Vi har òg arealplanen. Eg har høyrd at grunneigarane i Hjorthaugen ønskjer det området gult. Då vil det kunne komma ei stor utbygging mellom Kloppamyro og skulen. Før vi får avklart desse tinga, så vil ein butikk nærare Hagavikjo vera meir fornuftig. Eg vil ikkje seie direkte nei, men utsetta dette til desse tinga er avklart, argumenterte Harald Døsen (Ap).

Vil ha fart på nærsenter-debatten

Espen Aspenes (Frp) var av ei anna oppfatning.

– Vi hadde forløparen til denne saka for ikkje så lenge sidan. Då var vi tydelege på at vi ønska å opne opp for næring i dette området. Eg trur det kan vera interessant for å få litt fart på nærsenterplanen og å få den opp på bordet, sa Aspenes.

– Håper du at nærsenteret skal ligga i Kloppamyro, undra Trine Lindborg (Ap).

– Nei, det har eg ikkje sagt. Men administrasjonen har hatt sine sirklar og tanker. Eg meiner det er opp til aktørane å seie kor butikkane skal ligga. Eg trur dei vet betre enn oss, svara Aspenes.

– Dette er vi satt til å styra i Plan- og bygingsutvalet. Dette er vel regulert til næring, men ikkje handel. Vi har sagt ja til eit næringsområde med handel nærare Hagavik. Vi roter det litt til om vi har ein klar tanke, kommenterte Terje Sperrevik (TVS).

– Her ber administrasjonen om litt meir tid. Vi snakkar ikkje om årevis før vi får avklara nærsentra. Kvifor ikkje ha litt is i magen. Det er ikkje Norgesgruppen som skal bestemme kor nærsentra skal komma, tilføydde Trine Lindborg.

– Eg tykkjer oposisjonen har ein tendes til å venta seg ihjel. Eg vil ha meir fart på det, svara Aspenes før Gustav Bahus (Frp) gjorde framlegg om at saka kunne leggast ut til offentleg ettersyn, men at det måtte inngåast ei utbyggingsavtale med naudsynte grunneigarar for å få ein gang- og sykkelsti til Irgenskrysset frå området.

Bahus sitt framlegg blei vedteken med 5 (Frp/H) mot 4 (Ap/Krf/TVS) røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.