
Solfylt seglas
Strålande sol og vind frå nord-vest, opp til 8 m/s, var eit strålande utgangspunkt for trimmingsregatta. Med 5-6 mann i kvar båt, var vi altså ca. 60 mann klare til dyst i Strøneosen.
Det viste seg igjen kva starten har å seie i ein seilregatta. Svein Skoglund i Tina for II og Janet Lepsøy i Ina Kristine kom best ut frå start. Det viste seg at forspranget dei fekk frå start, var umogeleg å ta igjen.
Ved runding Kyrholmen i Korsfjorden, hadde Opstvedt i Marlin teke igjen dei minste båtane og runda merket først, men Svein Skoglund og Janet Lepsøy var like bak.
Kvinner kan sigla
God spinnakersegling mot mål sikra sikra Skoglund i Tina for II siger i den minste klassen. Janet Lepsøy vart nummer to.
I segling kan alle delta på like fot, og av og til ser det ut som kvinner seglar betre enn menn. I Ina Kristine er Janet Lepsøy skipper og mannskapet er og stort sett kvinner.
I den største klassen vann Sverre Holm med Piano med Opstvedt i Marlin vel eit minutt bak.
Ei nydeleg kveldsol etter seilasen med kaffi og skillingsbollar på hekken, fekk oss til å gløyme at det var bare 7 grader i lufta!
Resultat:
Lys til og med 1.20:
Nr 1. Tina for II, Svein Skoglund, over all nr 1
Nr 2 Ina Kristine, Janet Lepsøy, over all nr 2
Nr 3 Godemine, KP Solibakke, over all nr 3
Lys frå og med 1.21:
Nr 1 Piano, Sverre Holm, over all nr 4
Nr 2 Marlin, H. Opstvedt, over all nr 5
Nr 3 Stella, Terje Eltvik, over all nr 7
(Lesarbidrag, tekst: Kåre Perry Sollbakke)
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no