Sommerbåten på plass i Os hamn
Bildeserie: NRK og Sommerbåten fekk varm velkomst i vått vêr.
Bildeserie:
NRK Sommerbåten kom til Os i god tid før annonsert ankomst klokka 14 i dag, og tok fleire sirklar utanfor hamna mens det stadig kom nye båtar ut for å ønskja den velkomen.
Oppunder hundre båtar, frå oselvarar til Redningsselskapet, låg mellom moloane då Sommerbåten la til land ved brygga i Os Sjøfront.
Nokre av dei hadde følgt båten frå Øyane og inn Bjørnafjorden.
Show frå klokka 21.30
Der blei dei tatt imot av barnekor som song Os-songen og ein godt kledd ordførar Terje Søviknes.
NRK har tatt nokre få intervju på kaien, som er fylt med folk, nokre sit i dei to restaurant-telta som Engeline og Oseana Kafé og Restaurant har sett opp.
Det direktesendte showet startar klokka 21.30.
– Då må osingane igjen visa at dei stiller. Kom i båtar og ligg rundt sommarbåten eller still på brygga, oppmodar ordførar Terje Søviknes.
Sommarbåten blir liggande i Os fram til tysdag morgon.
Midtsiden kjem tilbake med meir frå bryggekanten.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.