Søndagstrim gav cupsiger
Her er alle finalistane og vinnarane av årets MidtsidenCup.
Bildeserie:
Det som på vêrmeldingane tidlegare i veka såg ut til å bli ein solrik, men kald laurdag blei i staden ein våt, glatt og kald start på årets gatecup.
Men i 10-11-tida slutta det å regna, kort tid seinare var banane fri for sluddrestar, og spelet kunne flyta endå betre.
– Vi starta med 12-2-siger, baklengsmåla kom som handikap då vi har to aktive. Likevel enda vi på 3. plass i pulja, fortel Eirik Skåtøy, lagleiar for «Sunday League Football» etter siger på straffekonk i semifinalen.
I finalen i herrar amatør gjekk kameratgjengen, som speler fotball i ein gymsal om søndagane, av med sigeren over fjorårsfinalist «1-2». Også denne blei avgjort på straffekonk, same vis som 1-2 blei slått ut i finalen i 2015.
I bildeserien over ser du alle finalistane. Midtsiden kjem tilbake med video, bildeserie og meir om cupdagen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.