Lokal | 08. aug. 2014

– Sørg for å få med godkjenninga

EU-godkjente biler stoppa av vegvesenet fordi verkstaden ikkje har sendt inn papira. – Sørg for å få med ein kopi av godkjenninga, seier vegvesenet.

– Sørg for å få med godkjenninga
Lars Harald Drange rår bilistane til å få med ein kopi av kontrollseddelen (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 08. aug. 2014 09:19

Midtsiden skreiv torsdag om Statens vegvesen sin kontroll i Hjellemarka, kor 12 køyretøy blei avskilta i løpet av eit par timer. Fleire av dei på grunn av manglande EU (PKK)-kontroll.

Fleire er uskyldige fordi verkstaden ikkje har sendt inn papira, fortalte Lars Harald Drange frå Statens vegvesen under kontrollen.

Kontrollen heldt fram onsdag ettermiddag. I løpet av kontrolles siste del blei ytterlegare 5 køyretøy avskilta.

Skal sendast inn umiddelbart

I etterkant av artikkelen har Midtsiden fått fleire spørsmål om korleis ein kan sikra seg frå å bli avskilta om ein har hatt bilen på kontroll og fått den godkjent.

– Regelverket er klart på dette område.

– Verkstada skal senda inn godkjenning umiddelbart, men vi veit at det ikkje alltid skjer.

– Når vi er ute på kontroll, så må vi ha det skriftleg at bilen er godkjent.

– Dette får vi normalt via systema våre, men når verkstadane ikkje har sendt det inn, så får vi naturleg nok ikkje opp at bilen er godkjent, forklarar Drange.

Få kopi av godkjenninga

Rådet frå Drange er difor klart.

– Sørge for å få med ein kopi av kontrollseddelen som fortel at bilen er godkjent når du hentar bilen på verkstaden.

– Den skal du ha med deg med ein gong, ikkje få ettersent to - tre dagar seinare.

– Oppbevar den godkjente kontrollseddelen saman med vognkortet, så kan du dokumentera at bilen er godkjent om vi stoppar deg i ein kontroll.

– Har du skriftleg dokumentasjon på at bilen er godkjent, så blir ikkje bilen avskilta.

– Det held ikkje med ein telefon til verkstaden som seier at bilen er ok når du blir stoppa. Regelverket krev at det skal vera skriftleg, avsluttar Drange.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.