Sport | 17. aug. 2012

Spanske takter på Edne

Lysekloster IL arrangerte spansk fotballskule: - Eg trur dei har lært mykje om at hovudet må med, seier Ørjan Sandal.

Spanske takter på Edne
Tony Ordinas gav klare instruksar på fotballskulen i Lysefjorden (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 17. aug. 2012 13:42

Bildeserie:

Spansk fotballskule i Lysefjorden (Foto: AH)

1 av 9

Torsdag avslutta Lysekloster IL den spanske fotballskulen kor dei hadde henta opp Tony Ordinas og fleire trenarar frå European Elite Football i Spania.

- Skulen kom i gang som følgje av at eg har samarbeidd med dei gjennom Scandinavian Footballschool tidlegare, fortel Lyseklostertrenar Ørjan Sandal.

Hovudet: den største skilnaden

Totalt 53 fotballspelarar i alderen 9 til 18 år har brukt dei siste dagane før skulestart på kunstgraset på Edne for å læra spanske takter på fotballbanen.

- Eg trur dei har fått med seg at hovudet må vera på plass når ein skal spela fotball. Det held ikkje med berre å kunne skyta hardt eller springa fort.

- Spelarane må vera i stand til å veta kva som er dei smarte pasningane og vala når dei er på banen.

- Der trur eg vi i Noreg har ein veg å gå, seier Sandal.

Seksårsøving blei for komplisert

Sjølv om deltakarane på fotballskulen er gode fotballspelarar fekk dei merka at den spanske spelestilen og tankemåten ikkje berre var enkel å forstå.

- Då vi byrja første dagen kom Tony med ei øving som han bruker på seksåringar i Spania.

- Det viste seg at den blei for avansert for dei yngste spelarane våre og han blei nødd til å gjera den noko enklare for at dei skulle henga med.

Lærar reglar frå dag éin

Sandal har snakka mykje med Ordinas og var til stades då den spanske trenaren, som mellom anna har jobba for det spanske forbundet og klubbar som Barcelona, heldt foredrag for lysefjordingane. Han fortel at fokusen i spansk barnefotball er heilt annerleis enn i Noreg.

- Dei er blant anna opptatt av at dei helt frå seksårsalderen skal læra seg alle reglar, som offside, sjølv om dei ikkje gjeld for dei yngste i starten.

- Alle øvingane er lagt opp etter same tankegang.

Eit døme på det fekk Midtsiden sjå då elevane terpa på hurtig pasningsspel framover på banen. Raske pasningar og hurtige forflytningar, men aldri med pasningar som kan setja medspelaren i offside.

- Det er eit typisk døme på korleis dei tenkjer i spansk fotball, seier Samdal før han legg til at regelforståinga gjer at ungane samstundes forstår kvifor dei gjer dei øvingane dei gjer på treningsfeltet.

Skal ha kjempa

Ein annan ting som skil norsk og spansk fotballkultur er kven det blir satsa på.

- Om ein ser på dei aldersbestemte landslaga i Noreg så er veldig mange fødd i byrjinga på året. Gjerne fordi dei har kome lengre i den fysiske utviklinga.

- Tony fortel at i Spania er det heilt motsett. Er du fødd dei tre første månadane på året eller er den eldste i søskjenflokken, så er du ute.

- Når dei ser på kven dei vil gje eit tilbod til i storklubbane og i satsingane søkjer dei etter dei som har eldre søskjen og som er fødd frå midt på året og ut.

- Dette fordi dei meiner at då har du måtta kjempa i mykje større grad enn om du har hatt fysikken på di side, forklarar Lysekloster-trenaren, som har hatt med fleire av sine elevar som hjelpeinstruktørar på skulen for å plukka opp treningstips dei kan ta med seg tilbake til sine eigne lag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.