Lokal | 21. mai 2016

Sparka i bil etter slåstkamp i Øyane

Det blei konflikt mellom gutar frå Os og gutar frå Fana på ein fest i ungdomshuset i Øyane i natt.

Sparka i bil etter slåstkamp i Øyane
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. mai 2016 07:14

Natt til laurdag, i samband med ein privatfest i ungdomshuset Vårvon i Søre Øyane, blei det konflikt mellom nokre gjestar frå Fana og nokre gutar frå Os.

– Vi fekk melding om slåstkamp klokka 02.37, fortel Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Då politiet kom på staden var kampen over, men dei fekk forklaring frå fleire vitne.

– Det skal ha vore noko munnhoggeri i forkant. Ingen blei skadd i slåstkampen, men det blei sparka i ein bil på staden.

Dei involverte skal vera gutar på under 20 år.

– Det er førebels uvisst om nokon blir meldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.