Lokal | 15. mars 2016

Spekkhoggarar skvulpa innom Os i skodda

I dag er det spekkhoggarar i Bjørnafjorden igjen!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. mars 2016 13:51

Det er nokre veker sidan spekkhoggarar svømte rundt i Nordhordland og nær Bergen, men dei flotte dyra er framleis i fylket.

I dag blei ein liten flokk observert frå moloen på Steinneset (sjå video i ruta over).

På speglblank fjord - i vekslande skoddevêr - svømte flokken mot vest rundt lunsjtid i tysdag.

Har du båt så veit du kva du skal bruka ettermiddagen til!

Sjå fleire videoar av spekkhoggarar i Bjørnafjorden

Spekkhoggarar har vore innom Bjørnafjorden kvart år den siste tida, som oftast i mars, men òg i februar og april.

Her kan du sjå video av spekkhoggarar i Os i 2015 og lenkje til videoar og bilde frå 2013, 2012, 2011 og 2010.

Det tettaste Midtsiden har kome på dei fine dyra var utanfor Solstrand i 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.