Spelarar og foreldre lærde om kost og kvile

Eat, Move, Sleep: Ungane spelte med Børven og Karadas mens foreldra fekk gode tips til nistepakken.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

(VIDEO: Ørjan Håland, midtsiden.no)

Helga 9. til 11. juni er det tid for årets cup i barnefotball på Kuventræ. Cupen fekk i fjor status som Eat, Move, Sleep-cup (sjå video og bildeserie frå 2016).

I år er Os Fotball ein av berre 35 klubbar i Noreg som er valt ut som EMS-ambassadør.

Som kickoff før cupen, som er for spelarar i barneskulealder, blei alle spelarane og foreldra invitert på seminar og trening onsdag kveld.

Blant gjestane var Brann-spelarane Azar Karadas og Torgeir Børven, og ernæringsfysiolog Ragnhild Lekven Fimreite.

Fylte klubbhuset og altanen

I starten var alle samla i klubbhuset, både for å høyra kort om EatMoveSleep, og for å sjå ein presentasjonsvideo om konseptet, som er utarbeidd av Norges Fotballforbund saman med BAMA og Eat Initiativ.

Oppmøtet var så godt at enkelte vaksne i starten måtte stå på altanen og følgja med gjennom opne vindauge og dører.

Etter presentasjonen fortalde Karadas og Børven om eigne søvn- og kosthaldsvaner, før dei tok alle dei unge spelarane med seg ut på banen for å spela.

I mellomtida fekk foreldra eit foredrag av Fimreite.

Frå kraft til kollaps

Ragnhild er sjølv fotballmamma på Kuventræ, og hadde gode eksempel som ho har vore vitne til, blant anna som publikum under Norway Cup.

– Eg har sett ein spelar som kollapsa på banen, rett etter eit kjemperaid og eit skot på mål. Det er skremmande å vera vitne til, og den gong viste det seg rett og slett at spelaren hadde hatt ein dårleg dag når det kjem til inntak av mat og væske.

– Kombinert med stress og varme kan det føra til dramatiske episodar. Som oftast fører lite søvn og svakt inntak berre til redusert yteevne og irritabel stemning, men også kvalme, svimmelheit og oppkast - og generelt ubehag kan vera symptom på feil eller for lite næring.

Konkrete eksempel

Brann-spelarane fortalde korleis dei åt seg stappmette på pasta to timar før kamp, og tok litt frukt rett før trening og etter trening.

Ragnhild fortalde blant anna om utfordringa med ungar og ungdom som ofte har trening eller kamp tidleg på ettermiddagen.

– Om du ikkje rekk å eta middag eller eit solid måltid 1-2 timar før trening, så ta noko som liknar på ein frukost før du trener. Ta gjerne også med deg mat på trening, som du kan eta rett etter at økta er ferdig.

Så introduserte ho ein ny form for førstehjelpsskrin:

– Fotballtrenarar kan fint ha ein pakke knekkebrød og ein tube med smøreost i lagbagen. Det er billig og det står seg i fleire månadar - og det kan vera viktig tilskot om det er ein spelar som kjem småsvolten til kamp.

Grove korn, frukt, grønsaker, mjølk og Skyr blei framheva - saman med balansen mellom protein og karbohydrater. Visste du forresten at ein Skyr har like mykje protein som 1,6 egg? Eller at dersom du blør ofte naseblod så kan du mangla vitamin K (som du finn i grøne grønsaker, kål og liknande)?

– Du treng ikkje dyre spesialprodukt for å eta sunt, du finn alt du treng i daglegvarebutikkane.

– Mjølk er dessutan undervurdert som væske. Undersøkingar har vist at dei som drikk mjøk har betre væskenivå i kroppen enn om du drikk berre sportsdrikk eller vatn. Det har med samansetninga å gjera, med protein og salter.

Så kom ho med ei åtvaring når det kjem til måltid mellom kampar når du er på cup:

– Sukker og feitt kan gjera deg kvalm og uvel om du skal yta kort tid etterpå. Pølser og liknande har dessutan ein tendens til å ligga lenge i fordøyelsessystemet.

– Du bør unngå pølser, pommes frites, brus og andre drikker med mykje sukker som mellommåltid tett på kamp eller trening, og i løpet av helger der du er på cup.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.