Sport | 28. aug. 2015

Spennande heimekampar i vente

Os 2, Søfteland, Os A-lag og Lysekloster speler alle på heimebane i helga.

Spennande heimekampar i vente
Både Os og Lysekloster speler heime på søndag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. aug. 2015 11:21

Mens det laurdag er både Bondens Dag og Dragebåtfestival i Os, har bygda spennande fotballkampar å by på både fredag, søndag og måndag.

Os 2, som leia, men tapte 4-1 borte for Askøy, kjempar framleis i toppen av 5. divisjon og speler heime mot Laksevåg frå klokka 19 i kveld.

Søfteland, som leiar 6. divisjonsavdelinga si, tar imot botnlaget Vestkysten måndag til same tid.

Søndag er det også heimekampar, då skal begge 3. divisjonslaga i elden.

Klokka 16 tar Os imot Vard Haugesund 2, klokka 18 startar Lysekloster - Fyllingsdalen 2.

– Står nok over

Hassan El Fakiri seier bortekampen mot Vard 2 var blant vårsesongens svakaste for Os. Kampen enda med 2-0-tap.

Han hugsar Vard som ung, kvikk og aggressiv, men Os har styrka seg i sommar.

– Vi stiller noko redusert, men likevel slagkraftig på søndag, seier El Fakiri.

Han kjem neppe til å spela sjølv. Den spelande hovudtrenaren er småskadd, det same er stjerneskotet Tiago.

3 baklengs i førre møte

Lysekloster møter det einaste laget som, med unntak av Brann 2, klarte å skåra meir enn to mål på serieleiaren Lysekloster i vår.

Bortekampen mot Fyllingsdalen 2 enda med 3-4-siger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.