Lokal | 25. nov. 2015

Stal ei handlevogn med øl

To menn forsynte seg grovt frå Coop Xtra i går, og gjorde truleg noko tilsvande i helga. Politiet ber om tips.

Stal ei handlevogn med øl
Politiet rykte ut til Amfisenteret i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. nov. 2015 08:27

Tysdag i 16-tida rykte politiet ut på melding om tjuveri frå Coop Xtra på Amfisenteret.

– Nokre menn hadde tatt med seg fleire brett med øl og trilla ut av butikken før det blei oppdaga at dei ikkje hadde betalt, fortel fungerande politioverbetjent Rune Fimreite.

Dei mistenkte var vekke då politiet kom til staden.

Truleg frå Bergen

Det var minst to menn som tok del i tjuveriet. Politiet meiner dei veit kven dei er, og at dei høyrer heime i Bergen.

– Det skal ha vore eit tilsvarande tjuveri i Os i helga, utført av dei same personane.

Dei to skal ha asiatisk utsjånad. Politiet ber om tips.

– Om nokon har sett lasting i bil av storemengder øl, i går eller i helga, så er vi interessert i opplysingar om bilen.

Kontrollerte 65

Litt før klokka 23 tysdag kveld hadde politiet trafikkontroll på Byvegen.

65 bilar blei kontrollert, politiet fann ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.