Lokal | 19. okt. 2014

Stal penger på nachspiel

Ein person blei truleg frastole penger etter å ha invitert til nachspiel.

Stal penger på nachspiel
Andris Hamresøndag 19. okt. 2014 09:30

Det har vore ei roleg helg for politiet i Os.

– Natt til sundag har det vel vore to oppdrag som kan vera av interesse for allmennheiten.

– Ein person skal ha blitt frastole penger etter å ha hatt nachspiel heime hjå seg.

– Mistanken er vel at gjestene forskynte seg av vedkommande sine penger då dei forlot festen, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Blei bortvist

Politiet måtte òg hjelpa vaktene på ein utestad i sentrum med ei kranglete kvinne.

– Ho var berusa og slo seg vrang då ho ikkje slapp inn på utestaden.

– Dei ba om bistand frå politiet om å få vekk kvinna, noko dei fekk.

– Ho fekk pålegg om å forlata staden, noko ho etterkom.

Unge slosskjemper

Natt til laurdag har politiet loggført ei hending.

– I 0330-tida skal det ha vore ein slosskamp og uoverenstemmelse mellom to unge menn ved Essoen.

– Ingen skal ha blitt alvorleg skadd og det heile roa seg då politiet kom til staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.