Starta hausten med 13-1-siger
5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.
Det blei målkalas då Nore Neset 2 sette i gang etter ferien igjen.
– Vi visste det kunne bli ein del mål, vi vann 9-0 heime i vår. Før bortekampen bestemte vi oss berre for å mala på, seier spelande lagleiar Ivar Bøthun.
Sjølv rakk han å skåra eitt mål før han blei skadd og måtte bruka den første av to innbytarar.
– Søreide 2 er ikkje så dårlege, men dei er dårleg trent. Vi har 3-4 som er ekstra lett på foten og då blei det tungt for motstandarane å henga med.
Aleksander Havsgård skåra 7 mål, Jan Ole Johannessen skåra 2. I tillegg var både Ruben Grindevoll og Ruben Aasen på skåringslista.
– I tillegg sette Søreide eit soleklart sjølvmål som Paul-Kristian Haldorsen absolutt ville ha kreditt for, du får setja han òg på skåringslista, seier Ivar og ler.
A-laget tapte for botnlag
Både Nore Neset 2 og førstelaget har hatt ein tung vår. Andrelaget er no på 7. plass av 9 lag i 7. div., men berre to poeng bak 4. plassen.
– Vi har hatt litt få spelarar, men etter at vi fekk ringt inn nokre fleire så har det kome seg, seier Bøthun.
A-laget til Nore Neset ligg på 11. plass av 12 lag i si 5. divisjonsavdeling, og starta hausten med 1-2-tap for botnlaget Eidsvåg.
Tapte mot topplaget
Os 2 tok sin fjerde siger på rad då dei starta haustsesongen med 5-3-siger over Gneist 2. Os 2 ligg no på 5. plass med to kampar mindre spelt enn alle laga lengre oppe på tabellen.
Søfteland, som låg i toppen tidleg i sesongen, starta hausten med heimekamp mot serieleiar Trio. Borte blei det 1-1, i haust blei det 0-4-tap.
Søfteland ligg no på 4. plass med 22 poeng, 8 poeng bak Trio.
Serieleiar Os 3 speler toppkamp i dag
Os 3 vann 7 av 9 kampar i vår og ligg på 1. plass i 7. divisjonsavdelinga 2 poeng framfor Minde.
I kveld startar dei haustsesongen mot nettopp Minde, på Kuventræ frå klokka 20.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.