Lokal | 03. des. 2012

Startar showgruppe

I januar startar Nore Neset grendalag musikk og showgruppe for born. Med seg får dei to røynde musikklærarar i Anna Søfteland Neset og Janie Froestad Laupsa.

Startar showgruppe
Janie Froestad Laupsa og Anna Søfteland Neset håper dei kan fylle scena i Symrasalen med sang og showglade ungar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 03. des. 2012 13:26

Sang, dans og drama har i fleire år vore av dei mest populære tilboda til den kommunal kulturskulen.

- Eg har sjølv hatt gleda av å gå i skule hjå Terje, Anne Leni og Patricia.

- Dei var nok viktige inspirasjonskjelder til at eg valde ei utdanning som allmennlærar med musikk, dans og drama, fortel Janie Froestad Laupsa som saman med Anna Søfteland Neset, faglærar i musikk, tok kontakt med Nore Neset grendalag for å høyra korleis interressa for å starte eit musikktilbod til barn var.

- Vi blei overlykkeleg når jentene kontakta oss.

- Vi gjekk med planar om å halde kurs for instruktørar for å starta opp eit barnekor. Når Anna og Janie kom og spurte om vi kunne tenkje oss å vera med, så var ikkje vi i tvil eitt sekund, fortel Susan Askvik i Nore Neset grendalag.

For alle ungar

Kvar torsdag frå slutten av januar vil dei to musikklærarane halde undervisning for born frå 1. til 7. klasse.

- Det er viktig å presisera at dette ikkje er berre for born på Nore Neset, men for born i alle krinsane i kommunen.

- Vi kjem til å halde hus er på Nore Neset Aktivitetshus. Borna kjem vi til å dele i to grupper, ei for 1. til 3. klasse og ei for 4. - 7. klasse, forklarar dei to.

Supplerar kulturskulen

Dei to har båe trådt sine barnesko på scena i Fjellheim og har merka seg interessa for sang og dans blant barn og unge.

- Det er jo berre å sjå på alle TV-programma som går, smiler Janie og nevner Det store korslaget, skal vi danse, Idol og Xfaktor.

- Samstundes veit vi jo at det er ventelister på kulturskulen. Vi ville difor laga eit supplement og fann ut at Symrasalen var perfekt.

- Her har vi ei flott scene og eit godt miljø, skryt Janie som saman med Anna var del av Hairspray som ble spelt på nettopp scena i Symrasalen i vår.

Meir enn berre kor

Dei to jentene er både arveleg belasta og kanskje litt over gjennomsnittet interessert i sang og musikk.

- Vi tenkte først på å starta eit barnekor, men tenkte vi ville gjera ein ny vri på det og i staden laga ei showgruppe kor sang og musikk er viktige element.

- Slutten av kvar sesong avrunder vi med ei stor framsyning kor ungane som er med får visa seg fram for familie, venar og kjende, smilar dei to.

Stor variasjon

Dei vil ikkje setja opp musikalar, men freiste å finna ein raud trå i eit tema som dei kan danne framsyninga rundt.

- Det kjem til å bli litt av alt, også på øvingane. Vi kjem til å nytta teaterleik, tradisjonell sang og mykje meir, avsluttar Janie Froestad laupsa og Anna Søfteland Neset.

Meir informasjon om oppstart og påmelding kjem på Nore Neset Grendalag sine heimesider i løpet av kort tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.