Lokal | 22. apr. 2017

Startar sjakklubb i Os

«Eg melder meg inn i klubben», tenkte Daniel, men klubben eksisterte ikkje. Før no.

Startar sjakklubb i Os
Dmytro, Daniel og Kay Even startar Os Sjakklubb og inviterer til første spelekveld om knappe to veker. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. apr. 2017 07:06

Osbygda har fleire innbyggarar som er glade i å spela sjakk, og fleire ungar som er inspirerte av den norske stjerna Magnus Carlsen. Men nokon aktiv sjakklubb er ikkje å finna.

– Eg spelte litt sjakk i vinterferien, og tenkte «no melder eg meg inn i klubben» seier Daniel Skotheim.

Han var overraska då han fann ut at det ikkje er nokon klubb i Os.

– Då eg søkte på nett fann eg to potensielle medsamansvorne, Kay Even Hægland, som tidlegare har halde kurs i Os, og Dmytro Ostanin.

Starta med siger

Hægland skal ha vore høgt ranka blant spelarane på Vestlandet, ukrainske Ostanin vann ei turnering i Oslo då han i 2005 nett var kome til Noreg.

– Den gong var eg misjonær, og hadde minimalt med lommepengar, så den vesle pengepremien frå førsteplassen var kjærkomen, fortel Dmytro, som bur i Os og jobbar som prest på Nesttun.

Seinare har han tatt ein tredjeplass i hurtigsjakk på ei turnering i Bergen.

Har spelt mot Carlsen

Daniel ser på seg sjølv som ein hobbyspelar samanlikna med Kay Even og Dmytro, men er glad for at han fekk dei med på å stifta klubb.

– Her har vi ein lærar, ein prest og ein næringssjef, det får vera eit godt utgangspunkt, seier Skotheim og ler.

Sjølv har han spelt mot Magnus Carlsen ein gong.

– Eg jobba for eit IT-firma i Oslo som sponsa Carlsen. Han besøkte oss og spelte mot 20 av oss samtidig. Han slo alle utanom éin, der det blei remis. Motstandaren var ikkje ein vanleg kar, han var ranka som nummer tre i Noreg eller noko sånt, men eg såg at Magnus verkeleg hata å ikkje vinna over han òg.

Inviterer til spelekveld

Handlekraftig som Os kommune sin næringssjef har vist seg å vera er Facebook-gruppe oppretta og invitasjon til første spelekveld publisert.

– Det har gått fort og vi har allereie blitt kontakta av fleire interesserte, både vaksne og born, også ungar frå Os som i dag reiser til Bergen, men som no er glade for at det er i ferd med å koma eit tilbod i Os.

I første runde inviterer klubben, som er under stifting, til spelekveld for ungar i barneskulealder (7-12 år). Dette er torsdag 4. mai i biblioteket på Os barneskule (frå kl 17).

– Vi bør få ein fast plass og minst éin fast spelekveld i veka, meiner Dmytro.

– Men dette er ein god start. Dei som har sjakkbrett kan godt ta det med, vi har nokre brett, men ikkje så mange. Vi håper òg at foreldra blir med, og at alle med interesse for sjakk søker oss opp og tar kontakt, så klubben får ein god start.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.