Næringsliv | 24. sep. 2015

Statoil-stasjonane skiftar namn

Etter 24 år som Statoil skal bensinstasjonane, som enkelte framleis kallar BP eller Norol, skifta namn til Cirkle K.

Statoil-stasjonane skiftar namn
Siv Eidsvik, Nils Øyvind Eidsvik og Siri Ludvigsen får snart nytt namn på arbeidsplassen sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. sep. 2015 10:32

Bildeserie:

Cirkle K er allereie eit strt og kjent namn andre stadar i verda. (Foto: Couche Tard)
Cirkle K er allereie eit strt og kjent namn andre stadar i verda. (Foto: Couche Tard)
No skal stasjonane i desse landa få same namn. (Ill.: Couche Tard)
No skal stasjonane i desse landa få same namn. (Ill.: Couche Tard)
1 av 2
Cirkle K er allereie eit strt og kjent namn andre stadar i verda. (Foto: Couche Tard)
No skal stasjonane i desse landa få same namn. (Ill.: Couche Tard)

– Det hadde vore litt snakk om det på førehand, men først då ein leverandør røpte seg på omvising blei det verkeleg summing i salen, fortel Nils Øyvind Eidsvik frå Statoil Osøyro.

Tidlegare denne veka var han og søstra Siv Eidsvik, som saman med bror og far eig Osøyro Autoservice AS, i Oslo på dagleg leiar- og drivar-samling.

– Den første kvelden var vi på omvising i det nye hovudkvarteret. Det var då leverandøren sa; «snakkast i morgon, når de skal skifta namn».

Tysdag, under ei storstilt samling med nesten 3000 deltakarar i Telenor Arena, kom namnesleppet.

– Det blei ein knallgøy kveld, blant anna med Kurt Nilsen og Madcon på scenen, fortel Nils Øyvind.

Kjent namn

Statoil Fuel & Retail var ein del av det integrerte olje- og gasselskapet Statoil ASA fram til 2010. I 2012 blei selskapet kjøpt opp av franske Couche-Tard, ein av verdas leiande aktørar innan servicehandel. Retten til å bruka Statoil-namnet fram til 2021 var ein del av oppkjøpet.

– Couche-Tard har kjøpt dropen som Statoil-stasjonane bruker, men som er ute av Statoil ASA sin logo, og dropen følgjer oss vidare. Namnet og dekoren blir Cirkle K, men dropen skal stå på pumpene.

Circle K er allereie Couche-Tards største og mest internasjonale varemerke. Det er i dag tusenvis av Cirkle K-butikkar og -bensinstasjonar i 14 land over heile verda.

– Har du sjølv vore på ein Cirkle K-stasjon?

– Ja, då eg var i USA. Den hadde enormt god plass utandørs rundt pumpene. Butikken var også stor, blant anna med fokus på frozen yoghurt og på tilsvarande avtale på slush og liknande som vi har med kaffiavtalen.

– Blir det endringar i innhaldet på stasjonen på Os, eller krav om ein viss storleik for å få Cirkle K-namnet?

– Alle skal døypast om og eg tvilar på at det blir nokre særlege endringar.

På folkemunne

Omprofileringa skal starta i mai 2016 og omfattar Statoil-stasjonane i Skandinavia, Baltikum, Polen og Russland.

Det globale merket vil erstatta Couche-Tards eksisterande kjedenamn i USA og i fleire andre land, som Mac's og Kangaroo Express, i tillegg til Statoil-merket. Provinsen Quebec i Canada vil halda på selskapet sitt Couche-Tard-brand på grunn av spesielle forhold i denne marknaden.

– Det å bruka eitt globalt varemerke vil gjera oss sterkare, styrka vår kultur og hjelpa oss med å gjera dagen litt betre for våre kundar, seier Couche-Tards konsernsjef Brian Hannasch i ei pressemelding.

Dei første europeiske stasjonane som skal foreta skiftet ligg i Noreg og Sverige. Dei blir ein del av ein internasjonal organisasjon med nesten 15.000 butikkar og bensinstasjonar og meir enn 100.000 medarbeidarar under det nye merket Circle K.

– Kva trur du osingane kjem til å kalla stasjonen i framtida?

– Eg veit ikkje kva som er vanleg å kalla Cirkle K på folkemunne. Mange osingar kallar oss framleis BP, så det er ikkje lett å seia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.