Stemningsfull julemarknad på Skeie
35-40 utstillarar, nisse, korps og teatergruppe lagde julestemning i Nore Neset Aktivitetshus.
Bildeserie:
Då det i haust blei klart at det ikkje blei Nore Neset Dagane i år, retta Stiftelsen Nore Neset Aktivitetshus nasa mot desember.
Denne gong blei det julemarknad, og det mangla verken dugnadsvilje eller utstillarar.
– Det blei heilt fullt, men vi klarte å skvisa dei siste inn så alle fekk plass, fortel styreleiar Anne Aarhus Røberg.
– Mange var veldig nøgde og kom og villa booka plass til neste jul òg.
Gjestane var mange, både frå krinsen, frå resten av Os og frå Bergen.
– Eg håper alle var nøgde. Det var handballkampar i hallen begge dagar og fleire tilreisande gjestar, foreldre og søsken som syntes det var kjekt at det var noko som skjedde mellom kampane.
Lagde julegate mellom bygningane
To salar var fylte med utstillarar, Symrasalen ved kafeen i Nore Neset Aktivitetshus og gymsalen på barneskulen. Mellom bygningane sto juletre og telt med sal av popcorn og høyball-sitjeplass til nissen.
– Nissen var heilt fantastisk! Han tok seg god tid og fekk både ungar og vaksne i ekstra godt humør.
Grendalaget, sanitetet og idrettslaget var alle i sving.
– Saniteten lagde drop in-juleverkstad laurdagen, og den var veldig populær. Det var handballkampar laurdag og minikampar søndag, men søndag var vi tom for materiell, så då blei det teiknestove i staden.
Selte pleie og plagg
Blant utstillarane var Tone Mortensen frå Studio Figura i Os sentrum.
– Messa har vore veldig god for min del. Folk har vore ivrige etter å prøva Roll Shaper-en og eg har fått booka inn over 45 prøvetimar i vekene som kjem.
Ein av dei som sette seg på rullemaskina for mekanisk lymfedrenasje av trøtte «messebein» var Henriette Sundfjord frå butikken Lille Stjerne.
Andre utstillarar driv som hobby.
– Eg syr litt, men det går mest i innkjøp av klede som eg trykker tekst på. Dette er fritidssyssel for min del, seier Lena Marie Hagen frå «Lenas Hobbykrok».
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.