
Stemningsfull morgon
Om lag 150 fra næringsliv og Os kommune hadde funne vegen til Os kyrkje denne onsdagsmorgonen for å få ein annleis start på ein travel førjulsdag.
- Det er åttande året vi arrangerer konsert ein tidleg morgon før jul, fortel rektor Oddvar Rotvik.
Etter konserten inviterte elevane dei frammøtte til frukost i Kyrkjetunet.
Fem konsertar på eitt døgn
Konserten onsdag morgon var den andre i ein serie på fem. Det heile starta med ein open konsert tysdag kveld.
Seinare onsdag var elevar ved Os ungdomsskule, Os vidaregåande skule og Os gymnas invitert til kvar sin konsert.
- Det blir nok litt høgare musikk og nokre andre songar når ungdomen kjem, meinte Rotvik.
Sjå klipp frå delar av framsyninga i videoen nedanfor. (foto: Andris Hamre, midtsiden.no)
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no