Lokal | 13. nov. 2016

Stenger med bom for å betra parkeringa

I 2012 blei bommane lagt ute for sal, i løpet av veka som kjem blir delar av sentrum stengt med nye bommar om natta fram til 9 om morgonen.

Stenger med bom for å betra parkeringa
I 2012 poserte den gong kommunalsjef Karl Ole Midtbø ved bommane som då blei lagt ut for sal. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. nov. 2016 21:05

Før Os sentrum blei skilta på nytt, med 100 nye skilt og tydelege reglar og behov for tilhøyrande parkeringsskive, var bruk av bom rundt parkeringsplassen utanfor Os rådhus eit effektivt tiltak.

• Les òg: Første fangsrapport

Bommane var stengte om natta og fram til klokka 9 om morgonen, og hindra dermed mange av dei som pendlar til Bergen eller jobbar i Os sentrum å parkera på plassar for korttidsparkering (for så å stå der heile dagen og gambla på ikkje å få gebyr).

I 2012 blei bommane lagt ut for sal, no skal nye bommar opp.

– Parkeringsplassen utanfor rådhuset blir stengt igjen. Dette er det brei semje om i handelsstanden, fortel næringssjef Daniel Skotheim.

Ved å halda heile plassen framfor rådhuset ledig til klokka 9 blir dei som har plan om å stå parkert heile dagen pressa til utkantene av sentrum, og det skal bli meir plass til dei som kjem utover dagen.

I drift frå måndag 21. november

I løpet av dei neste dagane startar monteringa, allereie måndag 21. november skal dei vera i bruk, stengt frå midnatt, open frå klokka 9 om morgonen.

– Dei gamle bommane er vekke, det er nye og meir moderne bommar som skal på plass. Ved dyrebutikken er det dessutan breiare no når fortauskantane er vekke, så der treng vi dobbel bom.

Bommen stenger ved midnatt og opnar klokka 9, derav namnet. I dette tidsrommet er det ikkje mogleg å køyre inn på plassen framfor rådhuset, men det vil alltid gå an å køyre ut. Du kjem det altså ut, men ikkje inn før klokka 9 om morgonen.

Same reglar som før

Sjølv om Os sentrum no har fått nytt dekke frå Legangerhjørnet til GH Interiør, heile det sokalla «Bydraget», og parkeringsreglane ikkje akkurat har vore handheva med hard hand den siste tida, gjeld dei same reglane som før.

– Skilta står der framleis og det er stort sett 2- og 3-timarsregel i sentrumkjerna.

Kvite striper på ny stein?

– Korleis skal det gå fram kvar det er parkeringsplass, skal det merkast på det nye stein-dekket?

– Nei, men det vil bli tydelegare når alt er ferdig og blomekassar og baldakinar er på plass, seier Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.