Lokal | 20. mars 2018

Stengjer grusbanen for parkering

Siste dag med parkering på grusbanen mellom Os kyrkje og ungdomsskulen blir 6. april.

Stengjer grusbanen for parkering
Frå 9. april blir det igjen fotball og gym på grusbanen mellom Os kyrkje og ungdomskulen/prestegarden 
Andris Hamretirsdag 20. mars 2018 14:39

Frå 15. desember 2017 har halve grusbanen i Os sentrum vore nytta til parkering. Etter ein litt trå start har folk vent seg til å nytta den, spesielt dei som har hatt behov for å parkera over litt lengre tid.

– Delar av grusbana ved ungdomsskulen har etter godt samarbeid og fin dialog med Os ungdomsskule og Jadakameratane vore nytta til parkering gjennom heile vinteren.

– 9. april blir bana levert tilbake til skule og idrettslag, som tek oppatt sine utandørsaktiviteter no når det går mot varmare vêr og vår. Siste dag for parkering blir difor 6. april for denne gang, skriv næringssjef Daniel Skotheim i ei pressemelding.

– Parker i randsona

Næringssjefen, som óg er styreleiar i Os sentrumsforening, takkar idrettslaget og ungdomsskulen for lånet.

– Vi oppfordrar samstundes til at tilsette, pendlarar og dei som skal lengre æren i sentrum held fram med å nytta seg av parkeringsplassar i randona til Os sentrum.

– Parkeringsplassane i sentrumskjerna må vera forbeholdt dei handlande og vitjande. Handelsstanden på Osøyro er heilt avhengige av god sirkulasjon på plassane og at dei vitjande finn plass når dei skal nytta seg av butikkane, aktørane, tilbode og resten av det sentrum har å tilby, avsluttar Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.