Annonse

Annonse

midtsiden

Sterk og klar

God oppkjøring, fin treningsleir og styrka stall, handballdamene til Os er klar for NM-kamp mot Tertnes, seriestart og kamp om opprykk.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, august 20, 2010 - 09:02

Ein litt tung opningscup er unnagjort, ein NM-kamp mot topplaget Ternes står for tur. Så ventar seriestart i det som trenaren meiner kan bli ein opprykkssesong.

- Vi har hatt ei god oppkjøring, avrunda med ein strålande treningsleir i Montenegro, og har ein styrka stall på fleire måtar, seier Kenneth Husebø.

Tett mot favorittane
I helga spelte Os opningscup i Haukelandshallen. Der starta dei med å slå nordnorske Bravo, som spelte kvalik for opprykk til 1. divisjon i fjor.

- Men så spelte vi dårleg mot Kjøkkelvik og Årstad. Heldigvis løfta vi oss og klarte 17-19 mot Fana i kvartfinalen, som er storfavoritt i vår avdeling i serien.

- Sjølv om vi berre vann éin kamp leverte vi bra i forhold til treningsmengda jentene har hatt den siste tida. Vi slepp ikkje opp før om ei stund, så vi er framleis litt tung i beina.

På leir i varmen
Os Turn Handball slo i sommar til på eit tilbod om treningsleir i Montenegro, noko dei ikkje angra på.

- Opplegget var supert og vi fekk gode morgonøkter, tid til sol og bad, og ny ettermiddagsøkt organisert av tre ulike spelarar kvar kveld.

Husebø fortel om flotte forhold og godt vertskap.

- Vi budde 600-700 meter frå sentrum av byen og 6 minutt frå hallen med buss. Arrangøren har budd i Noreg dei siste åra, men var med til gamlelandet sitt og følgte oss under heile treningsleiren.

Styrka stall
Kenneth Husebø, Erlend Lyssand og keepertrenar Jan Freddy Johannessen har ikkje berre førebudd jentene godt, dei har også fått nye spelarar, både frå Os og Bergen.

Line Borsholm (24) og Yvonne Johannessen (19) har kome til Os frå Bjørnar. Utanom desse er tre rekruttar tatt opp på seniornivå, Line Hjelle Berentsen, Susann Rosvold og Kaja Randa Berthelsen. Talentet Kaja er ikkje speleklar før ho i desember har fylt 16 år.

Ein del etablerte spelarar i Os tel også som nye spelarar. Kaptein Emilie Hjertnes, som blei mamma førre sesong, fekk berre med seg eit par kampar å tampen av sesongen. Irene Tangerås kom heim igjen til Os i januar i år, no har både ho og Emilie fått med seg heile oppkjøringa.

NM og seriestart
Før serien startar skal Os spela kamp om NM-tittelen. Motstandar er Tertnes, som hamna på 4. plass i Postenligaen førre sesong.

Kampen går i Oshallen onsdag 1. september kl 19.00.

- Det kan bli ein festleg start på hausten, trur Kenneth.

Seriestart er på bortebane mot Viking TIF 14. september, første heimekamp i serien er sundag 19. september mot NHH. Den dagen speler også herrelaget heimekamp.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11