Kultur | 22. mars 2016

– Sterke kvinner med gode tekstar inspirerer meg

Sevin Kadir har to gongar tatt UKM med storm. No deltar ho i TV2-prosjektet The Stream.

– Sterke kvinner med gode tekstar inspirerer meg
Sevin Kadir set pris på musikkbingen i Os sentrum, der ho øver mykje saman med venninna Josefine Bø. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. mars 2016 20:04

Ho «kom frå ingenting» og utmerkte seg med ei rå framføring av «Seven Nation Army» (2:31 ut i videoen) på UKM 2014.

I år var Sevin Kadir tilbake på UKM (5:02 ut i videoen), denne gong med venninna Josefine Lunde Hansen Bø i duoen «Répertoire», og gjekk som i 2014 vidare til fylkesmønstringa.

– Vi gler oss veldig til fylkesmønstringa. Det blir ei helg med overnatting og workshop på USF Verftet i samband med mønstringa, fortel Sevin.

Parallelt med Ungdommens kulturmønstring har Sevin, akkompagnert av Josefine (som ikkje er gamal nok til å stå som deltakar), no lasta opp eit bidrag på The Stream.

«The Stream er en ny musikkonkurranse for TV 2 der nye artister skal oppdages og skapes på den moderne og virkelige måten» forklarer Tarjei Strøm på heimesida til The Stream.

Det handlar om å få flest views, topp 100 per 1. mai er med vidare. Kanskje òg nokre anbefalte. I skrivande stund har Sevin sin video blitt streama 306 gongar. Dei på toppen av lista har 20.000-30.000, dei som ligg rundt 100. plass har 4000.

Her ser du Sevin sin versjon av «Sex on fire» på The Stream.

«Fødd norsk»

Sevin kjem frå Bulgaria. Mora er bulgarsk, far er frå Tyrkia og familien på fem flytta til Os for 6,5 år sidan då faren fekk jobb i Noreg.

– Eg har alltid likt song, musikk og skodespel. Bestemor driv med folkesang heime i Bulgaria, men eg er ikkje frå ein spesielt musikalsk familie.

– Men eg er faktisk «fødd norsk», legg ho til og ler.

Bursdagen hennar er nemleg 17. mai, og den første bursdagen i Noreg hugsar ho som ei spesiell oppleving.

– Eg visste jo at det var nasjonaldagen, men feiringa var så enorm og alle sa «gratulerer med dagen». Det var vanskeleg å veta om dei visste om bursdagen min eller om eg skulle gratulera dei tilbake.

Frå Os barneskule til Garage i Bergen

Ho hadde i utgangspunktet ingen plan om å driva aktivt med musikk. Men då ho, som ny i Os, gjekk i 7. klasse, var det tilfeldigvis ein songkonkurranse på skulen. Ho vann konkurransen og fekk det gav meirsmak å synga for andre.

– Eg syng nesten aldri for familie eller venar. Men eg har øvd meir sidan den gong. Det blei eit par år på kulturskulen og nokre kurs i Bergen, blant anna med Myrna Braza. Eg var med på AKKS i Bergen noko som leia til at eg song saman med nokre finke gutar på Garage.

AKKS er ein idealistisk musikkorganisasjon som har som formål å arbeida for å rekruttera, motivera og synleggjera fleire kvinner i alle ledd av musikkbransjen.

Etter UKM i Oseana i 2014 blei ho invitert med på det årlege, private arrangementet Baronsfestivalen i Os sentrum. Her blei ho putta i band med Josefine, som sidan har betydd mykje for den vidare utviklinga.

– Josefine er kjempeflink og speler både gitar og piano. Ho er flink å synga òg, men liker best å halda seg til instrumenta. Vi øver saman og ho motiverer meg og pushar meg, utan Josefine så hadde det nok blitt verken UKM eller The Stream på meg i år.

– Speler du nokre instrument?

– Nei. Eg prøvde, men det gjekk ikkje, seier Sevin og ler.

Set pris på musikkbingen – saknar møteplassen

Os kommune har dei siste åra fått plassert ut fleire musikkbingar i Osbygda.

Bingen som står ved gymsalen til Os ungdomsskule er fast lokale for Sevin og Josefine.

– Vi som bruker bingen melder ifrå på ei facebook-gruppe, så andre slepp å ta bomtur. Eg bur nær sentrum, så det er berre å stikka innom Best-stasjonen og henta nøkkel før øving.

– Eg set stor pris dette tilbodet, her kan vi spela og synga så lenge og så høgt vi vil.

Også snutten som er lasta opp på The Stream er spelt inn i denne, med Sevin si storesøster sitt videokamera på stativ.

– Men eg saknar ein møteplass for musikarar, eit hus eller ein scene der folk med same hobby og ulike instrument kan bli kjent og gjera ting saman.

Slagkraftig diva

Til no har vi berre høyrd ho synga andre sine låtar, men Sevin skriv òg eigne tekstar.

– Eg har mange. Det er litt vanskeleg å setja melodi til dei, når du ikkje kan notar og ikkje speler noko instrument. Men saman med Josefine har eg no byrja å laga låtar av nokre av tekstane.

– Kva musikk og musikarar liker du best?

– Beyonce er favoritten, men eg liker mange andre. Eg liker sterke, kvinnelege vokalistar med gode tekstar, som Amy Winehouse og Adele.

Sevin er elev ved Os Gymnas og fyller 18 år i mai.

– Du ser sjølvsikker ut på scenen, trass kort erfaring. Føler du deg trygg?

– Eg føler meg fersk. Men på scenen kan du sleppa deg litt laus, vera litt diva. Du kan ikkje vera sånn i det daglege livet, det fungerer ikkje.

– Har du andre hobbyar enn musikk?

– Ja. Eg trener boksing i Bergen. Det byrja eg med for to år sidan, fortel den slagkraftige, unge vokalisten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.