midtsiden

STILig avslutning

Søfteland snudde kampen og klatra forbi Lysekloster 2 på tabellen i siste runde.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, oktober 17, 2011 - 23:03

Alle dei tre laga frå Os kommune som rykte opp til 6. divisjon i fjor held seg i divisjonen. Søndag blei siste runde spelt, og to av dei lokale laga møtte kvarandre i derby i Lysefjorden.

Søfteland tapte 2-4 for Lysekloster 2 heime før sommarferien og fekk eit mål imot tidleg i bortekampen søndag kveld.

– Lysekloster har ein del klassespelarar, dei kunne nesten spelt i gult og svart nokre av dei, seier sportsleg leiar i Søfteland fotball, Bjørn Mjelva.

Snudde kampen

Andrelaget til Lysekloster hadde blant anna med seg A-lagsspelarane Kim Krogsethagen og Steffen Vindal.

Men Søfteland har tidlegare Os og Søre Neset-spelar Niklas Linde i stallen, og Niklas utlikna i 20. minutt. Resten av omgangen blei det ein del stillingskrig og lite fint spel.

Hattrick av Morvik

I 2. omgang kom Kristoffer Morvik på banen. Morvik bøtta inn mål for Søfteland i fjor, men har i år vore mykje vekke grunna jobb. Ballkunstar har han likevel ikkje gløymt, Kristoffer putta tre i førre kamp og leverte ekte hattrick i Lysefjorden.

Niklas skåra nok eit mål, Søfteland vann 5-1 og klatra forbi Lysefjorden 2 på tabellen på betre målforskjell.

Dei to laga landa på 6. og 7. plass.

Tabell, 6 div avd 4

Nore Neset på 6. plass

Nore Neset, som vann siste heimekamp 6-1, avslutta sesongen på bortebane mot Samnanger på nest siste plass. 

Nore Neset vann 3-1 og klatra med det til 4. plass på tabellen.

Tabell, 6 div avd 1

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11