Spelarane på stjernelaget til Søre Neset fekk premiane av ordførar Terje Søviknes (foto: Andris Hamre)

Stjerneavslutning

Høg stemning og stor jubel då Stjerneserien avslutta sesongen med bankett i restauranten på Oseana laurdag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Stjerneserien - fotballserien for funksjonshemma, feira ein strålande sesong med avslutningsbankett i restauranten i Oseana laurdag kveld.

– Vi er omlag 160 spelarar, trenarar, ledsagarar og foreldre med i kveld, fortalde Kristine Bjånesøy Tikkanen, frå Søre Neset IL, som var arrangørar for banketten.

Til å dela ut hedersbevisningane hadde Tikkanen fått med seg ordfører Terje Søviknes, noko som bidrog med ei ekstra stasleg ramme.

– Vi er veldig takknemlige for at ordføraren tek seg tid ein laurdagskveld til å gjera dette.

– Det betyr veldig mykje for spelarane, smilte Tikkanen.

Juble og lagbilete

Eitt og eitt lag blei ropt opp i amfiet frå foajeen til restauranten for å helsa på ordføraren og få sitt personlege trofè. Og sjølvsagt ta eit lagbilete saman med prisutdelaren.

– Vi er 10 klubber i serien som spelar tre runder på våren og tre på hausten.

– I kvar runde speler vi to kampar, med høg innsats og vinnervilje.

– Vi førar ikkje tabell, så difor denna avslutninga kor alle blir heidra.

Kamprundane blir arrangert på rundgang av dei 10 klubbane, Askøy, Nest-Sotra, Voss, NBK, Tertnes, Djerv, Søre Neset, Fana, Brann og FK Fyllingsdalen.

I tillegg til seriespelet deltok fleire av laga på landsturneringa i Stjørdal i haust og på treningsleir i Portugal på våren.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.