Lokal | 03. apr. 2014

Stolen bil funnen i Bergen

Ein bil som blei stolen på Søre Neset blei funnen igjen i Bergen. Ei jente som i går blei meldt sakna har også kome til rette.

Stolen bil funnen i Bergen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. apr. 2014 07:10

Natt til onsdag blei ein Suzuki Grand Vitara stolen på Søre Neset. I løpet av onsdagen blei bilen funnen i Bergen.

– Ein mann i 20-åra er pågripen og er mistenkt i saka. Mannen kjem ikkje frå Os, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen har ikkje førarkort og er dessutan mistenkt for å kjøra i rusa tilstand.

Sakna tenåring

Onsdag blei det lagt ut og delt ei etterlysing på facebook av ei tenåringsjente frå Os.

Jenta skal sist ha vore sett på måndag.

– Jenta tok sjølv kontakt og har no kome til rette, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.