Lokal | 07. aug. 2017

Stoppordre i Strøno

Det var tilfeldig at Os kommune oppdaga denne grøfta.

Stoppordre i Strøno
Strønevegen er gravd opp frå Nordstrøno kai til Peravegen. Bildet er tatt torsdag kveld, i dag blei det stoppordre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. aug. 2017 13:26

Då Midtsiden i dag ringte for å spørja om stengt kommunal veg i Nordstrøno hadde dei nettopp oppdaga saka sjølv.

– Vi var i Strøno i samband med nokre veglys då vi såg at arbeidet og den stengte vegen, fortel Agnete Haugland frå teknisk eining.

Strønevegen er gravd opp frå Nordstrøno kai til krysset inn til Peravegen, og derfor stengt. Dette er ein type arbeid Os kommune plar vera flink med å informera om.

– Varsling er viktig, både med tanke på innbyggarar og eventuell utrykking av ambulanse eller brannvesen. Men dette visste vi ingeting om.

Mangla fleire løyve

Då representantane frå teknisk eining kom inn igjen på rådhuset, sjekka dei status hos byggesaksavdelinga.

Gravinga er i samband med legging av rør frå ei bustadtomt ned til offentleg vatn og avlaup på kaien.

– Det viser seg at det verken er graveløyve, godkjent arbeidsvarslingsplan eller igangsetjingsløyve på bustadtomta, der det skal byggast ein firemannsbustad.

Det er no byggestopp på vegen.

Teknisk eining har ikkje snakka med utbyggar eller tiltakshavar, og veit førebels ikkje kvifor vedkommande har sett i gang.

– Det er gjeve rammeløyve, men dette åleine er ikkje nok til å stenga ein kommunal veg og byrja å grava. Vi har berre snakka med maskinførar, ein innleigd entreprenør, og juristen vår held på å formulera eit brev til dei som er ansvarlege.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.