Lokal | 29. jan. 2015

Stor interesse for E39

E39 Svegatjørn-Rådal: Stor deltaking på tilbodsbefaring. – Alle dei store norske, pluss nokre utenlandske var der, fortel prosjektleiaren.

Stor interesse for E39
8-10 entreprenørar var med då vegvesenet inviterte til tilbodsbefaring på Os onsdag (foto: Geir Brekke, Statens Vegvesen)
Andris Hamretorsdag 29. jan. 2015 13:39

Rett før jul sendte Statens Vegvesen ut dei to store anboda (K10: Svegatjørn-Fanavegen og K11: Rådal-Nordås-Flyplassvegen) på bygginga av ny veg mellom Os og Bergen.

– Interessa har vore stor.

– No er det jo ikkje slik lenger at entreprenørane kontaktar oss for å få papira, men vi ser kven som har logga seg inn på Doffin for å ha moglegheiten til å lasta dei ned.

– Ut frå det så kan vi seie at interessa er bra. Vi er veldig godt nøgd med deltakinga, fortel Sverre Ottesen, Prosjektleiar for E39 Svegatjørn-Rådal.

Alle dei store med

Tysdag og onsdag denne veka arrangerte Statens Vegvesen tilbodskonferanse med etterfølgjande synfaring på dei aktuelle strekka.

– På befaringa for K10 var det 8-10 potensielle tilbydarar med.

– Nokre av dei er hovudentreprenørar som kanskje vil levera tilboda, medan andre er underentreprenørar som til dømes skal køyre gravemaskinene.

– Alle dei store norske entreprenørselskapa var tilstades i tillegg til endel utenlandske.

Spennande tid

Kor mange av dei som har kikka på tilbodsgrunnlaget som kjem til å levera tilbod veit prosjektleiaren førebels ikkje noko om.

– Det blir spennande å sjå når vi set oss til bordet i Leikanger 21. april for K11 og 5. mai for K10, for å opna tilbodspakkene.

– Deretter blir det å kontrollera tilboda før vi signerar kontrakt, forhåpentlegvis første veka i juli, avsluttar Ottesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.