Gunnar Nagell-Dahl, Daniel Skotheim og Øystein Svalheim har grunn til å gle seg over responsen dei fekk på ideen om Bjørnefjorden Matkultur (foto: Andris Hamre)

Stor interesse kring Bjørnefjorden Matkultur

«Det store Bjørnefjorden måltidet» med kun råvarer frå og rundt fjorden var ein av ideane som blei lansert då lokal mat-bransjen var samla torsdag.

image
Av: Andris Hamre

Torsdag samla næringssjef Daniel Skotheim, landbrukssjef Øystein Svalheim og mat-attaché hos Fylkesmannen Gunnar Nagell-Dahl produsentar, råvareseljarar, foredlarar, restaurantører og andre til "stiftinga" av Bjørnefjorden Matkultur i Oseana.

– Interessa har vore veldig bra. Eg hadde sett for meg ein 20 stykker rundt eit bord, men her var heile 45 ulike aktørar påmeldt, så vi måtte flytta inn i Oseanasalen, fortalde Daniel Skotheim før samlinga tok til.

Viljen er der

Målet med møte var å få testa om ideen om å skipa eit felleskap omkring lokalmat rundt Bjørnafjorden var til stades. Det var den definitivt.

– Det var utruleg kjekt å sjå den responsen vi fekk. Berre det at folk meldte seg til å vera med i ei prosjektgruppe som kan jobba litt vidare med planane tyder på at vi er inne på eit spor.

– Eg trur mange er tent med eit tettare samarbeid. Det er mykje å læra av kvarande og mykje å henta både som kunder og leverandører til kvarandre.

Lokalmat-cruise og det store måltidet

Blant ideane som dei tre initativtakarane lanserte, og fekk god respons på var lunsjtokt med Statsraad Lehmkuhl frå Bergen til Os 17. juni og «Det store Bjørnefjorden Måltidet» i oktober.

– Tanken med «Det store Bjørnefjorden Måltidet» er å laga ein fleire rettars middag for eit par hundre gjester her ute på Oseana kor vi berre bruker råvarer frå Bjørnefjorden-regionen. Og då snakkar vi om absolutt alt frå hovudbestandelen til måltidet til metningsgarnityr og krydder. Vi ser òg for oss at kokkane som skal laga måltidet anten bur,eller jobbar, i regionen.

Matproduksjon i sentrum

– Andre idear er «Spiselege tettstader» kor ein i eigne kasser og bed dyrkar fram råvarer i sentrumområda både på Os, Eikelandsosen, Tysse og Våge. Då kan innbyggjarane vera med å sjå varene veksa fram til dei anten blir selde på matfestivalen eller brukt til måltidet.

Ideen til dette kom frå Os Bondelag, som i samband med 150 årsjubileet sitt i år planlegg eit større arrangement i samband med bondens dag 30. september.

– Eg kunne òg tenkt meg at vi fekk til torgdagar dei ulike plassane på vekedager når det er sesong, slik at folk kan få kjøpa og nytta lokale, ferske råvarer i det daglege, avslutter Skotheim som i nær framtid set seg ned med den nyoppretta prosjektgruppa for å ta ideane vidare.