Heile rommet blir teke i bruk når elevane skal omdanna teikninger til skulpturer (foto: Andris Hamre)

Stor produksjon i Vognhallen

Kunstelevar på kulturskulen jobbar mot spennande utstilling på Kyrkjeflaten.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I vår blei det klart at Os kulturskule, i samarbeid med Oseana, skulle starta med visuelle fag frå hausten av. No har dei første elevane ved den nye lina vore i sving i nesten eit halvår og det nærmar seg den første utstillinga.

– Vi planlegg ein skulpturpark i sentrum søndag 10. desember. Denne er det dei yngste elevane som står bak, fortel Inga Solsvik Søreide, lærar på visuelle fag, eller kunst, som elevane sjølv kallar det.

Har tatt Vognhallen i bruk

Midtsiden møtte ho og ni ivrige elevar frå 1. til 6. klasse måndag ettermiddag i Vognhallen.

– Vi trivst godt her. Det er godt med lys, ei inspirerande utsikt og praktisk for dei føresete å levere og henta.

To fulle klassar, håper på ei til

Dette første semesteret har kulturskulen starta med to klasser.

– Eg har vald å dele dei hovudsakleg ut frå alder. På måndager har eg elevar frå 1. til 6. klasse. På tysdager har eg elevar frå storskule og ungdomsskulen. Begge gruppene er fulle med ni på mandager og ti på tysdager.

– Vi har eit ønskje om å få til ei klasse til etter jul og gjerne då med fleire gutar. Per i dag er vi berre éin, kanskje to, så litt fleire gutar hadde vore kjekt. Søknad til plass i kulturskulen over jul gjer ein via kommunen si heimeside, forklarar Solsvik Søreide.

Skulptur og sjølvportrett

Etter oppstarten er elevane no i full sving med å skapa.

– Alt har gått bra i oppstarten, alt av utstyr og materialer er kjøpt inn og vi er godt i gang med å skapa.

– Elevane er ivrige og flinke. Måndagsgruppa utfordra eg på å teikna sjømonster. Desse danner no grunnlaget for lysskulpturane som vi skal stille ut på Kyrkjeflaten.

– Dei eldste elevane jobbar med sjølvportrett. Også dei håper vi å få utstilt den 10. desember. Vi er i dialog med frivilligsentralen for å få låna det gamle kommunehuset, men det er ikkje heilt avklart enno.

På spørsmål fortel elevane at dei har det kjekt.

– Det er gøy. Å laga skulpturane er litt vanskeleg, men litt gøy, smiler jentene rundt bordet.