Sport | 22. apr. 2017

Stor snuoperasjon på Stord

Os låg under 2-0 etter ti minutt, men så tok dei over kampen.

Stor snuoperasjon på Stord
Erik Kanestrøm skåra to av Os sine fem mål borte mot Stord i dag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. apr. 2017 14:17

Som i serieopninga måndag hamna Os under 2-0 før dei byrja å skåra, men i dag blei det ikkje berre eitt poeng.

Stord, som i serieopninga imponerte med 0-0 borte mot satsingsklubben Brattvåg, leia i dag 2-0 over Os etter ti minutt.

«Det har vore einvegskøyring på Stord. Viss vi ser vekk frå dei første ti minutta, der Os sto og lurte på livet, så har vi køyrd over Stord» meldte Os Fotball til pause via sms-tenesta i målskårarklubben.

– Vi prøvde å få ballen vekk og slo inn sentralt, men var pressa og mista den, forklarer Hassan El Fakiri om 1-0. Neste baklengsmål kom på glipp på markering på eit langt innkast.

Men utlikninga var i boks etter 34 minutt. I 2. omgang skåra Os tre til.

– Eg liker måten vi hentar oss inn igjen på, igjen! Vi speler dessutan fin fotball, får fart på ballen, vender og kommer rundt på kant og slår gode innlegg.

– Vi skal bli endå betre i boks, og så skal vi vera klar frå start.

Stord - Os 2-5 (0-2)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm 2 (begge på straffe), Torgeir Lunde og Anders Havsgård 2.

Kanestrøm reduserte på straffe i 31. minutt, Lunde utlikna i 34. Etter pause, i 57. minutt, set Kanestrøm inn nok ein straffe,

Før slutt, i 87. og 90. minutt, set innbytar Anders Havsgård inn dei to siste til Os.

Os sitt lag:
Andrew Todd(keeper)
Torgeir Lunde (HB), Ole Martin Kolskogen (MS), Divaldo Cardoso (MS), Knut Haga (VB).
Marius Mikkelsen (SM), Rafael Villen (SM).
Steffen Ljosheim (HK), Erik Kanestrøm (VK),
Christoffer Hafsås (S), Øystein Takle Eide (S)

Innbytarar med speletid:
Anders Havsgård for Hafsås, Enrique Crespo Søvik (debut) for Takle Eide, Glenn Krossøy for Ljosheim, Thomas Lunde Fosen for Kanestrøm og Adrian Valle for Villén.

TERMINLISTE OG TABELL

Skade og debut

Enrique Crespo Søvik, som har vore skadd ei stund, fekk sine første offisielle minutt for Os då han kom inn for Takle Eide i 2. omgang.

Christoffer Hafsås måtte ut med strekk då han gav plass til tomålsskårar Havsgård.

– Hafsås blir dessverre ute ei stund. Han var veldig skuffa over å bli skadd, fortel El Fakiri.

NM-kamp onsdag

Os speler neste kamp allereie onsdag, då er det første NM-runde.

Kampen går mot 2. divisjonsklubben Nest-Sotra på Kuventræ frå klokka 18.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.