Sport | 03. mars 2012

Store smil før 9 lange mil

Brørne Gunnar og Sigurd frå Os er søndag i duell i 90 kilometer lange Vasaloppet i Sverige.

Store smil før 9 lange mil
Brørne Gunnar Bøthun (t.v.) og Sigurd Beldo på hotell i Sverige fredag kveld. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. mars 2012 07:23

– Eg trur nok ikkje at eg slår han, men eg skal pusta han i nakken og visa at han må halda seg på tå hev i åra som kjem, seier Gunnar om storebror Sigurd.

Gunnar fyller 30 år i år, Sigurd fyller 37. Men vi kan forstå at Gunnar nærmast har resignert før start, for Sigurd har dei siste åra deltatt i både Offroad Finnmark, 70 mil (!) på sykkel i gjørme og over stein, og Finnmarksløpet, 50 mil med hundespann over Vidda.

– Men ski er ganske nytt for oss begge. Sett bort frå ivrige turar på Kuventræ i barndomen er det berre dei siste 2-3 åra eg og Gunnar har gått langrenn, seier Sigurd to dagar før start på Vasaloppet.

Betre enn 15.000 andre

Gunnar er med i Vasaloppet for tredje gong, Sigurd debuterte i fjor. Vasaloppet, som blir arrangert til minne om Gustav Vasa si flukt frå kong Christian II i 1521, går mellom Sälen og Mora og er 90 kilometer langt.

Skirennet har enorm deltakarmengde, nærmare 16.000 stiller til fellesstart søndag.

Sigurd hamna i fjor på 509. plass med tida 04.50, cirka ein time bak vinnaren. Gunnar la også cirka 15.000 løparar bak seg og landa på rundt 1000. plass.

– Raskare i år

Prestasjonane i fjor gjer at brørne frå Os har kvalifisert seg for ganske grei plassering i det store, tettpakka startfeltet.

– Det kjem til å bety litt. Dessutan verkar det som om snøen er rask i år, og vi bør uansett gå for å betra tidene våre, seier Sigurd.

Veslebror Gunnar er meir tydeleg i språket;

– Sigurd skal i mål på under 04.30, eg skal i mål på under 5 timar, seier han om årets målsetnad.

Den raskaste tida nokon har gått Vasaloppet på er 3.38.57, ein rekord sett av Peter Göransson i 1998.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.