Sport | 02. juni 2012

Storfangst i Gaula og Orkla

Først og størst: Medan dei ventar på at Oselvo skal opna gjer osingar reint bord i andre norske elver.

Storfangst i Gaula og Orkla
Fredrik Lihaug med laksen på 13,7 kilo, tatt i Orkla. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. juni 2012 17:45

Eit reisefølgje på 8, 7 av dei frå Os, fekk med seg opninga natt til fredag og skal fiska ei dryg veke i Gaula.

– 7 av 8 har fått fisk og vi har fått fleire på over 10 kilo, seier Johnny Lund.

Han fekk årets første laks i valdet Nedre Kåsen i Gaula 17 minutt etter at fiske opna. Laksen var på 7,2 kilo. I dag fekk han ein på 9,6 kilo.

– Vi var her for første gong i fjor, men det var ikkje på opningsnatta. Det var dessutan dårleg fiske, så vi var spent før årets tur.

Mikkelsen med størst fangst

– Kjell Atle Mikkelsen har fått den største av oss, ein laks på 12,2 kilo, og har nettopp tatt laks nummer to på land.

– Bossen (Bjørn Sigurdson) har fått to på over 10 kilo. Det er kun Leif Juvik vi ventar på no, så har alle fått, seier Johnny.

I tillegg er Dag Christensen, Einar Sørstrønen, Geir Eikeset og bergensaren Svein Strømsnes med i reisefølget.

Til no har dei tatt 14 laks!

Lihaug halte 13,7 kilo på land

I Orkla er blant andre Tor Åge Thuen med svigerfar og svoger Fredrik Lihaug på tur. Også Hugo Hjelle er med.

– Vi har fått tre fisk til no. Svigerfar har fått to på 8 kilo, Fredrik fekk ein fin ein på 13,7 kilo, fortel Tor Åge medan han ventar på sin første.

Les òg: – Telefonen ringer i eitt
(om den komande opning i Oselvo og sal av fiskekort)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.