Sport | 25. juli 2012

Storfangst i Oselvo!

Carl Corneliussen (t.v.) tok i går sesongens til no største laks, ein fisk på 12,8 kilo. Hos MX Sport er det kø kvar morgon med folk som vil ha fiskekort.

Storfangst i Oselvo!
Carl Corneliussen med årets største til no, ein laks på 12,8 kg tatt i Kremretten klokka 19 i går. Hugo Hjelle med laks på 11,8 og 5,0 kg tatt på Tøsdal (Kremretten) tidlegare på dagen. (Privat foto/prohd.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. juli 2012 08:32

Nedbøren som kom søndag og måndag gav utteljinga fiskarane hadde håpa på - mykje fangst og stor fangst.

Hugo Hjelle slo i går Petter Spjell Røttingen sin fangst på 8,5 kilo med ein laks på 11,8 tatt på Tøsdal.

Rekorden blei ikkje ståande lenge, i 19-tida tysdag kveld fekk Carl Corneliussen ein laks på heile 12,8 kilo.

Største på 6 år

Bortsett frå Johnny Lund sin oppdrettslaks på 13,8 kilo i fjor må vi tilbake til Rune Ekerhovd sin fangst på 13,5 kilo i 2007 for å finna større fisk enn den Carl tok i går.

– For cirka 30 år sidan tok Sverre Bøyum ein laks på 16 kilo i Oselvo. Dette er den største eg kjenner til, seier Leif Juvik.

– Men det blei også tatt laks på over 20 kilo på utsida av Oselvo, i tida då dei dreiv med notfiske rundt Mobergsvikjo. 24 kilo er det største eg har høyrt om, så det går nokre beist i og rundt Oselvo.

Går vi 6 år tilbake, til 2007, tok Rune Ekerhovd ein laks på 13,5 kilo.

Er det ledige fiskekort?

Mykje vatn og rapportar om godt fiske har fått fart på salet av fiskekort.

– Dei siste morgonane har vi hatt 5-6 fiskarar i kø då vi opna butikken, fortel Jeanett Kallekleiv hos MX Sport.

Men det er framleis nokre ledige fiskekort dei neste dagane:

Sone 0 og sone 1: Ein del ledig

Sone 2: Fullt til 8. august. Kun nattkort igjen ut sesongen (som varer til 15. september)

Sone 3: Nokre ettermiddagskort og nokre netter ledige dei komande dagane.

Sone 4: Nokre nattkort ledige.

Sone 5: Fullt ut veka, nokre få nattkort i neste veke.

Kremretten: Framleis ledige årskort.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

• Fleire fangsrapportar: Prohd.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.