Storm av rekordar
Bildeserie: «Hauststormen» blei ein storm av nye banerekordar på Kuventræ.
Bildeserie:
Friidrettsgruppa til Os Turn inviterte laurdag til sesongens siste stemne.
– Vi hadde jo ikkje trudd at vi skulle få eit så fantastisk vêr som vi har fått i dag. Vi var førebudd på regn og blåst, difor kalte vi stemnet «Hauststormen», ler speaker Bjørn Michelsen.
Fleire nye øvelsar og rekordar
74 påmeldte deltakarar frå Os Turn Friidrett, Søfteland, Nordre Fjell, Nore Neset, Lysekloster og Voss leverte gode prestasjoner på det nye sentralidrettsanlegget.
– Deltakarane er frå 8 år og oppover. Vi har allereie fått fleire nye banerekordar. Kanskje ikkje så rart, i og med at nokre av øvelsane er øvelsar vi ikkje har køyrd før.
På programmet sto 40 meter, 60 meter hekk, 80 meter hekk, 60 meter, 100 meter, 200 meter hekk, 200 meter, 600 meter, 800 meter, lengde, liten ball, kule og spyd.
Viktig øving
Det var ikkje berre deltakarane som fekk testa seg laurdagen i solskinnet.
– Vi er vel omlag ein funksjonær per to utøvarar. Det er viktig at også vi som er med og arrangerar får øvd oss slik at vi får ein godt drilla organisasjon før neste sesong kor vi saman med Søfteland og Lysekloster skal arrangera ein friidrettskarusell, avsluttar Michelsen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.