Kultur | 05. sep. 2015

Storslått Oselvarfestival-opning

Midtsiden-TV: Sjå og høyr 2 x Os Mannskor synga ved Oselvo. – Det blei ein fantastisk start på dagen, seier ordførar Terje Søviknes.

Andris Hamrelørdag 05. sep. 2015 13:37

Bildeserie:

Kora sto på kvar si side av Oselvo (foto: AH)
Kora sto på kvar si side av Oselvo (foto: AH)
Med dirigenten i båt ute i elva (foto: AH)
Med dirigenten i båt ute i elva (foto: AH)
Ordførar Terje Søviknes held opningshelsinga (foto: AH)
Ordførar Terje Søviknes held opningshelsinga (foto: AH)
Før kora, her Os Mannskor frå Hordaland helt konsert (foto: AH)
Før kora, her Os Mannskor frå Hordaland helt konsert (foto: AH)
Os mannskor frå Østerdalen (foto: AH)
Os mannskor frå Østerdalen (foto: AH)
Også inne i Oselvarnaustet var det musikk med durspelsamskipnaden (foto: AH)
Også inne i Oselvarnaustet var det musikk med durspelsamskipnaden (foto: AH)
Og Linda Nytræ på song (foto: AH)
Og Linda Nytræ på song (foto: AH)
1 av 7

Os Mannskor har laurdag vitjing av namnebrørne frå Østerdalen. Laurdag sto dei for den offisielle opninga av Oselvarfestivalen ved å synga sine respektive Os-songar frå kvar si side av Oselvo.

– Kva betre kan det vera enn å nyta flott korsong med to Os-kor, to Os-songar, og det ved Oselvo, smilte ordførar Terje Søviknes (Frp) når han litt seinare held opningstala under festivalen.

Ved Oselvarnaustet hadde det samla seg godt med tilskodarar som vil ha med seg meir korsong og kapproing.

Er 40, håper på å bli 50

Dei to kora stilte med både separate konsertar og to fellesnumre.

– Vi er eit tradisjonelt mannskor med 40 medlammar, om lag halvparten er med på denne turen, fortalde dirigent Jo Ryen før gjestane trådde til med fire songar.

– Vi er òg 40, men håper vi klarer å bli 50 mann. Det er slik at når folk kjem å blir med oss, så angrar dei på at dei ikkje har kome tidlegare. Og til de kvinnene der heime, det finst ikkje ein betre måte å friska opp karane på enn å senda dei på korøving, meinte Jan Terje Skutlaberg, leiar i Os Mannskor (Hordaland).

Os vann

Etter konserten blei det duell på fjorden mellom dei to kommunane med dirigentar og ordførarar.

Varaordførar Marie Bruarøy (H) måtte rett nok steppa inn for ein ryggskadd Terje Søviknes, men saman med dirigent Marius Dale Romslo viste ho gjestane korleis ein Oselvar skal handterast.

Os vann med tida 4:17 over Os som kom i mål på 4:46.

Vann gjorde òg mannskoret frå Hordaland då dei utfordra kollegaene frå Østerdalen til venleg kappestrid. Tidene blei 3:40 mot 4:35

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.