Lokal | 10. sep. 2014

Straumlaus etter smell

20-30 hus på Nedre Lekven er utan straum onsdag. Ein trafokiosk ser ut til å ha fått sprengt ut bakveggen.

Straumlaus etter smell
– Denne trafokiosken ser ut til å ha fått sprengt ut bakveggen, meiner innsendar. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. sep. 2014 08:06

– Eg høyrde eit smell utanfor huset og så gjekk straumen, fortel ein Midtsiden-lesar frå Vågadalen på Nedre Lekven.

– Det ser ut som om bakveggen på trafokiosken er sprengt opp, legg ho til.

Både Os kommune og BKK er varsla.

– Rundt 20-30 abonnentar er utan straum. Vi har montørar på veg opp for å kartlegga og retta opp, seier Anne Mette Tuvin frå BKK.

Oppdatert:BKK.no får vi seinare onsdag stadfesta at det har vore kortslutting i ein trafokiosk og at feilretting pågår.

Klokka 14.30 får vi opplyst at feilen er retta og alle har fått straumen tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.