Sport | 16. apr. 2016

Styrte mot Austevoll

Os hadde små problem med å reise seg etter cuptapet mot Lysekloster. Laurdag fekk Austevoll unngjelde.

Styrte mot Austevoll
Marius Mikkelsen skårte eitt, men ikkje på hovudet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 16. apr. 2016 17:42

Bildeserie:

Stian Lunde opna skåringsballet (foto: AH)
Stian Lunde opna skåringsballet (foto: AH)
Emil Halvér satte inn 3-0 (foto: AH)
Emil Halvér satte inn 3-0 (foto: AH)
Anders Havsgård fastsatte slutresultatet til 4-0 (foto: AH)
Anders Havsgård fastsatte slutresultatet til 4-0 (foto: AH)
Thomas Lunde Fosen fekk debuten for A-laget i ein ordinær kamp (foto: AH)
Thomas Lunde Fosen fekk debuten for A-laget i ein ordinær kamp (foto: AH)
1 av 4
Stian Lunde opna skåringsballet (foto: AH)
Emil Halvér satte inn 3-0 (foto: AH)
Anders Havsgård fastsatte slutresultatet til 4-0 (foto: AH)
Thomas Lunde Fosen fekk debuten for A-laget i ein ordinær kamp (foto: AH)

Etter eit kvarter kor ballen gjekk i hytt og pine viste Os at dei blir å rekne med i 3. divisjon i år.

Veteranen

Knut Spanglo Haga tok med seg ballen på venstresida, trakk innover mot midten og spelte ein stikkar mot Øystein Takle Eide. Han hoppa over ballen og lot superveteran Stian Lunde ta ansvar.

Lunde gjorde ingen feil og banka ballen inn bak Austevoll-keeperen.

Berre to minutt seinare var Os frampå igjen. Sjansen endte i corner. Der var Austevollingen Marius Mikkelsen på rett plass. Ballen traff ryggen hans og gjekk i mål.

2-0 sto seg til pause. I andre omgang held Os fram med å pressa. Gjestane hadde knapt nok noko å by på.

Unggutane

3-0 kjem etter at ungguten Emil Halvér får stå heilt aleine på straffemerket. Glenn Krossøy kjem rundt høgrekanten, legg 45 grader ut og lar Halvér breiside ballen i mål. Berre minuttet seinare kan Øystein Takle Eide føre Os opp i 4-0, men kanonskotet går i stolpen, heilt oppe i krysset og sprett ut att.

I staden er det ein anna unggut, Anders Havsgård som får æra av å fastsette sluttresultatet. Knut Spangelo Haga kjem rundt på venstrekanten, legg ballen over mot bakre stolpe, kor Havsgård står umarkert og klinkar ballen i mål.

– Det er litt tunge bein i dag, men det er ikkje det som pregar oss i starten. Eg trur meir det var ei mental utlading etter Lyseklosterkampen som gjer at vi bommar så mykje dei første femten minutta, kommenterar assistenttrenar Ørjan Håland.

– Når vi først kjem igang så viser gutane kva dei er gode for. Vi fortsetter å spele god fotball, jobbe hardt for kvarandre og skaper gode moglegheiter. I dag føler eg vi har god kontroll.

– I tillegg er det gøy å sjå at vi kan byte inn fem ungguter uten at kvaliteten fell nemneverdig. Vi har 16-17 åringar som held trøkket og spelet oppe, smiler ein nøgd Håland.

Os - Austevoll 4-0 (2-0)
Os sitt lag: Andrew Todd, Knut Spangelo Haga, Glenn Krossøy, Torkel Hjertnes, Adrian Kallekleiv Valle (Håkon Fagerbakke Kvittingen 46), Marius Haugland Mikkelsen (Thomas Lunde Fosen 81), Erik Kanestrøm (Sander Kvittingen 67), Øystein Takle Eide (Anders Havsgård 75), Torgeir Lunde, Emil Miridoozini Halver, Stian Lunde (Fabian Bødker 67)

Os ligg med sigeren på toppen av tabellen med to kamper spelt.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.