Kultur | 15. nov. 2013

Sweet av Gina

VIDEO: – Heile plata mi handlar om dei gode tinga i livet, sa Gina før ho serverte publikum tre av låtane frå debutalbumet Inertia.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. nov. 2013 10:29

Gina Aspenes frå Os, som i haust platedebuterte med Inertia, spelte i går ein minikonsert på Amfisenteret, hennar første konsert i Os etter sleppefesten i Bergen i oktober.

Med seg hadde ho Annelise Ringsby og Kristin Bergsvik Skilbrei på koring.

– Heile plata mi handlar eigentleg om dei gode tinga i livet, også låta Everything is Broken, som handlar om det å ikkje ta ting så tungt, sa Gina.

Før ho song om øydelagde ting framførte ho Sweetness og låta om å gleda seg over ein blå flekk på himmelen, sjølv om den er liten; Patch of Blue Sky.

Etter konserten sette Gina seg ved eit bord for å signera plater. Det stima til med folk og på spørsmål om kor mange ho selte svarer ho "masse!"

VIDEO: Sjå 3 minutt av gårsdagens konsert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.