Disko i Oseanasalen blei ein suksess (Foto: Andris Hamre)

- Sykt bra!

Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre
Foto: Andris Hamre

Om lag 350 elevar frå Os ungdomsskule feira det nye året med stilig nyttårsball i Oseana torsdag.

Av: Andris Hamre Torsdag, januar 12, 2012 - 20:56

Av dei cirka 400 elevane ved Os ungdomsskule blei heile 350 med då nyttårsballet blei flytta frå tradisjonsrike Fjellheim til stilige Oseana. Og stilig blei det. Her var det brukt mange timar både på kjolejakt og framfor sminkespeilet før festen.

- Det kjem til å bli sykt bra, slo Anna og Liv frå ballkomiteen fast medan elevane strauma inn i Oseana.

Kåringar

Komiteen har lagt ned mykje arbeid i førebuingane. DJ, fotograf, dekorasjon og ikkje minst køyreplan må sjølvsagt på plass når ein skal arrangera fest.

- Kva står på køyreplanen då?

- Masse dansing, pizza frå Færingen og kåring av ballets konge, dronning, danseløve og par, forklarar ungjentene til ein journalist som må tenkja seg godt om for å hugsa sitt eige skuleball.

Enklare enn Fjellheim

TIl å ta hand om arrangementet har komiteen fått med seg mellom 60 og 70 foreldre som vaktar og servitørar.

- Korleis er det å flytta frå Fjellheim til Oseana då?

- Det er kjempebra. Det er mykje stiligare her og enklare å pynta enn i Fjellheim.

- Her har dei jo alt av utstyr, avsluttar dei to ballarrangørane før dansegulvet lokkar meir enn ein lokaljournalist.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Nøgde deltakarar på nyttårsball (foto: Andris Hamre)

Nøgde deltakarar på nyttårsball (foto: Andris Hamre)

Akkurat som stileg lysføring frå AVAC (foto: Andris Hamre)

Akkurat som stileg lysføring frå AVAC (foto: Andris Hamre)

Sunniva, Anna, Helena, Liv, Lisa og Amalie i ballkomiteen rekna med ein fin fest

Sunniva, Anna, Helena, Liv, Lisa og Amalie i ballkomiteen rekna med ein fin fest