Sport | 20. okt. 2014

– Synest vi skulle ha vunne i går

Os leia over Bjørnar til pause, men lykkast ikkje i forsøket på å ta sesongens første poeng.

– Synest vi skulle ha vunne i går
Malin Hjelle Berentsen feirar etter ei skåring, men kampen enda med tomålstap. (Foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. okt. 2014 08:41

Grunna tynn stall ville Os trekka 3. divisjonslaget sitt før sesongstart, men måtte i staden trekka 4. divisjonslaget.

Utan Line Hjelle Berentsen (Fana), Irene Tangerås (lagt opp), Emilie Hjertnes og Maria Stangeland Lunde (begge gravid) klarer Os seg likevel bra.

Men poeng har det ikkje blitt i dei fire første rundane, sjølv om det i går var nær på.

Bjørnar - Os 27-25 (12-13)
Målskårarar, Os: Madeleine Hjertnes 8, Elise Hjelle 7, Malin Hjelle Berentsen 4, Marte Øvreeide 2, Hilde Kristine Røttingen 2, Silja Lunde Espelid og Tonje Hjertnes.

– Vi starta veldig bra og vi låg likt fleire gongar. Men starten på 2. omgang var svak og Bjørnar fekk eit forsprang, fortel Malin, som gjorde comeback i divisjonen no i haust.

– Bjørnar fekk straffe på slutten, ein straffe eg synest dei ikkje skulle hatt. Trenaren deira er sonen til kusina mi, så det var ekstra irriterande å tapa, det blir surt å treffa han i familiebesøk til jul, ler ho.

Os starta serien med 13-målstap, men var nøgd med å skåra heile 20 mål på Stord. Så blei det 4-målstap for Voss og 3-målstap for Jotun før gårsdagens 2-målstap.

Laurdag er det heimekamp (frå kl 16), men då mot opprykksfavoritt og serieleiar Førde, som etter førre sesong spelte kvalik om opprykk.

– Vi har blitt meir og meir samspelt, sjølv om vi på tampen i går gjorde mykje éin og éin. Det blir nok tøft i Oshallen på laurdag, men eg trur ikkje det er lenge til vi får sesongens første siger.

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.