midtsiden

Tap og poengdeling

Os 2 tapte heime for Sandviken, juniorane delte poeng hos Bjarg.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, mai 26, 2011 - 22:35

Måndag spelte Os 2 heimekamp mot Sandviken. Kampen starta bra for heimelaget Os sin del, men 2-0-leiinga fekk dei ikkje halda så lenge.

– Sandviken tok over, reduserte før pause og heldt fram med å skåra i 2. omgang. Vi hadde nok med å stå imot, innrømmer trenar Einar Nytræ.

Os 2 - Sandviken 2-4 (2-1)

Os 2 ligg no nest nedst på tabellen for 4. divisjon avdeling 2. Neste kamp går på bortebane mot jumbolaget Trio.

Siger i cupen - uavgjort i serien

I førre veke vann Os junior elite 3-0 over Smørås i 2. runde i NM.Det er førebels uvisst både kor tid og mot kven Os speler 3. runde.

Tysdag spelte juniorane 1-1 i 6. serierunde, som gjekk borte mot Bjarg.

– Her var Bjarg heldige. Først skåra dei frå 40 meter, på eit skrått skot som såg mest ut som ei klarering. Vi hadde ballen 80 prosent av tida, men Bjarg låg djupt og sto lenge imot, men heldigvis fekk Simen Lassen nikka inn eit innlegg frå Tor-Erik Berge heilt på tampen.

Bjarg - Os junior elite 1-1 (1-0) 

Os sitt juniorlag ligg på 3. plass på tabellen, 5 poeng bak Brann og Løv-Ham (som begge har 15 poeng).

Neste juniorkamp for Os går heime mot Stord 1 førstkomande tysdag (kl 18.30).

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11