midtsiden

Tapte KM-finalen

– Vi var ikkje nok på hugget på dødballar, seier Sandal om Lysekloster sitt første tap på 12 månadar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, oktober 31, 2011 - 09:59

Bortsett frå poengdeling borte mot Rosendal vann Lysekloster alt i si 5. divisjonsavdeling i år.

I kampen om kretsmeistertittelen har dei spelt mot Nymark, som Lysekloster slo 4-0 førre helg, og NHH, som Lysekloster møtte i går.

NHH - Lysekloster 3-2 (2-1)
Målskårarar, Lysekloster: Christoffer Robin Larsen og Thomas Sandal

– Vi var ikkje heilt på dei første 20 minutta. I den perioden skåra NHH, som stilte veldig sterkt, to mål. Resten av kampen styrte vi fullstendig, men vi var ikkje effektive nok framfor mål og for lite på hugget på dødballar, seier Ørjan Sandal.

Alle måla til NHH kom på dødballar.

Lysekloster reduserte før pause. I 2. omgang gjekk NHH opp i 3-1 før Lysekloster skåra kampens siste mål.

– Betyr ingenting

– KM er ikkje prioritert hos oss, det er serie og opprykk som betyr noko, no er det ferie. Vanlegvis er det kamp om å vera blant våre 18 i troppen, i går reiste vi til kamp med 14 mann.

Også i fjor vann Lysekloster avdelinga si og rykte opp. Då tapte dei begge KM-kampane.

– Mange har tatt ferie, noko som gjorde at fleire andre fekk prøva seg. Sånn sett blei dette ein god treningskamp mot eit lag som hadde vore kjekt å hamna i pulje med i 4. divisjon neste år, seier Sandal og gratulerer NHH med kretsmeistertittelen.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11