Sport | 04. mai 2014

Tapte med fire mål

– Enkelte må verkeleg stå ekstra fram på trening denne veka for å halda plassen sin til neste kamp, seier Jørn Vegard Berge.

Tapte med fire mål
Roar Vestbø då Os 2 slo Lyngbø 7-2 i 2012. I dag var han gjennom utan å skåra. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. mai 2014 17:19

Søndag spelte Os 3. runde i serien borte mot Lyngbø.

Vertane gjekk opp i 5-0 før Os reduserte.

Lyngbø - Os 6-2 (0-2)
Målskårarar, Os: Emilis Zilinskas og Ørjan Glesnes.

Os (4-3-3): Frode M. Øvredal - Torkel Hjertnes, Emilis Zilinskas, Dani A. Bergstø, Glenn Krossøy - Stian Lunde, Mats Lepsøe (Håkon Kvittingen), Erik Kanestrøm - Mats Cato Moldskred, Christer Olsen (Adrian Valle) og Roar Vestbø (Ørjan Glesnes).

– Det at vi taper ein kamp må vi rekna med kan skje, og Lyngbø er eit godt lag.

– Men at vi gir opp på denne måten og taper 6-2 er ikkje greit. I 2. omgang var det heilt «god natt», seier Os-trenar Jørn Vegard Berge.

– Kan dette få konsekvensar for troppen til neste kamp?

– Det kan i alle fall få konsekvensar for startellevaren. Det er fleire som verkeleg må stå fram på trening denne veka for å visa at dei kan betre.

God og jamn førsteomgang

Lyngbø var nyleg nær på å slå førstedivisjonslaget Nest-Sotra ut av cupen, men det var ifølgje Os Turn Fotball på twitter mot spelet sin gang at vertane leia 2-0 til pause.

– 1-0 kom på sjølvmål og 2-0 på kontring. Vi skapte ein del før pause, ikkje dei heilt store sjansane, men fleire skot frå upressa posisjon rundt 16-meteren, i tillegg var Roar gjennom ein gang utan å putta.

– I pausen var vi innstilt på å snu kampen, men andre omgang blei berre to minutt gamal før det sto 3-0.

Emilis og Ørjan skåra

Lyngbø auka til 5-0 før Os reduserte, først på corner ved Emilis og så var det innbytar Ørjan Glesnes.

Vertane auka til 6-2 før slutt.

Haugesund 2 i neste

Os ligg på 8. plass med 4 poeng etter 3 serierundar (før Haugesund 2 har spelt mot Øysese).

Sjå tabell

Os speler neste kamp på heimebane mot Haugesund 2 måndag 12. mai (kl 18).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.