Sport | 08. okt. 2016

Tapte, men fekk hjelp

Os tapte for Varegg, men fekk overraskande hjelp frå Austevoll i kampen om den viktige 4. plassen.

Tapte, men fekk hjelp
Erik Kanestrøm skåra os sitt mål (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 08. okt. 2016 16:49

Os leverte, ifølgje trenarteamet Hassan El Fakiri og Ørjan Håland, ein ok kamp, verken meir eller mindre, då dei møtte Varegg laurdag ettermiddag.

– Det blir ein jamspelt kamp. Vi har ein kjempesjanse på 0-0, som dei får ein god redning på. Så får dei 1-0 på slutten av omgangen og vi blir kjempande for å ta dei att, seier Hassan El Fakiri.

Varegg - Os 3-1 (1-0)
Os starta med: Andrew Todd, Knut Spangelo Haga, Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Rafael Villen Villen, Hassan El Fakiri, Ole Martin Kolskogen, Stian Lunde

Skrudde corner i mål

Begge trenarane er einige om at Os var best i starten på andre omgang. Varegg går opp i 2-0-leiing på eit skot frå 20 meter, før Øystein Takle Eide kjem seg fri og spelar inn til Erik Kanestrøm som reduserer til 2-1.

3-1 kjem tjue minutt seinare når Varegg skrur ballen direkte i mål på corner.

– På 2-1 føler eg det er nerve i kampen igjen, men når dei greier å skru inn 3-1 så føler vi at løpet er køyrd.

– Oppsummert så speler vi ein ok kamp, men vi kan betre. Det er synd vi ikkje klarer å få det ut i dag, seier El Fakiri.

Full mobilisering etter hjelp frå Austevoll

Os fekk overraskande hjelp i høve det å halde seg i divisjonen då Austevoll slo Bjarg 1-0 på bortebane laurdag (resultatet på nett er bekrefta feil, der står det at Bjarg vann).

– Det virker nesten som om det er nokon som ikkje vil vi skal rykka ned. No blir det full mobilisering neste laurdag når Bjarg kjem til Kuventræ. Eg håper osingane stiller og hjelper oss, slik at vi kan ta dei tre poenga. Då kan det igjen bli lokaloppgjer mot Lysekloster neste år, seier Håland.

Om Åsane 2 avgir poeng mot serieleiar Brann 2 så held det at Os slår Bjarg heime førstkomande laurdag.

Os møter Sotra borte i siste runde, men kan altså, med siger over Bjarg, sleppa å ha press mot seg når dei gjestar tabelltoaren (som dei spelte 1-1 mot heime i vår).

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.