Sport | 01. apr. 2014

Tar Bergen-Voss – til fots!

Mens andre ligg i hardtrening og kanskje kvir seg litt til å sykla Bergen-Voss skal ultraløper Thomas Andersen og to treningskameratar neste veke springa distansen. Som ein «kosetur».

Tar Bergen-Voss – til fots!
Thomas Andersen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. apr. 2014 07:13

Det klassiske sykkelrittet Bergen-Voss lokkar kvart år fleire tusen deltakarar på sykkelsete over Kvamskogen, inn Hardangerfjorden og vidare til målgang på Voss.

Årets ritt går av stabelen 31. mai, men allereie neste veke, 11. april, vil osingen Thomas Andersen saman med Thorbjørn Ludvigsen og Sverre Slethaug springa frå Bergen til Voss.

– Det er ein idé eg fekk for nokre år sidan og no skal det endeleg gjennomførast, seier Thomas til Midtsiden.

Frå kyrkje til kyrkje

– Vi reknar med å bruka rundt eit døgn, og startar ved domkirken i Bergen på kvelden.

– Det er betre å starta med å løpa i mørket enn å koma sliten til Voss midt på natta, forklarer Thomas.

Målgang blir kyrkja på Vossevangen.

Ein kosetur?

Mens sykkelrittet er på 165 km blir løpeturen for det meste i fjellet, nærmast i luftlinje, eit løp på rundt 100 km.

BT.no i går kveld fortalte om den noko spesielle turen, sa Ludvigsen at han ikkje har løpt så langt før. Ultraløp på 71 km er det lengste.

Thomas, som to gongar har løpt over 100 km i fjella rundt Mont Blanc, og har tatt tre 1. plassar og to 2. plassar i det 100 km lange pulkløpet Expedition Amundsen, trur turen skal gå fint.

– Vi skal ta det litt som ein kosetur, utan tidspress. Men det er snø i fjellet, noko som kan bli litt utfordrande i lengda.

– I tillegg må vi legga løypa sånn at vi kjem nedom vegen og kan få supplert med litt mat og drikke. Når det ikkje er nokon arrangør og noko opplegg med drikkestasjonar så får vi organisere dette sjølv, seier Thomas, ei god veke før start.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.