Kultur | 28. jan. 2012

Tar Os til Mods

Sel som hakka møkk: Gutane frå MS Midthordland har fått tak i ein raskare båt og ein god bunke billettar til det som har blitt årets store konsert-overrasking.

Tar Os til Mods
Helge Andersen (t.v.) og Sigvard Madsen arrangerer båttur til Mods-konsert i Stavanger i juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/pressefoto av Mods, innfelt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. jan. 2012 11:28

– Stadionkonsert i Noreg med over 20.000 selte billettar, utanom A-HA er det kanskje ingen norske band som har klart noko liknande! 23.000 på Viking Stadion med eit band som ikkje har hatt konsert på nesten 30 år, dette er stort! seier Helge Andersen.

Mods og Morten Abel herja Vestlandet og Noreg frå 1980 til 1984 med låtar som «Bare i nått», «Meg må du hilsa på (Du e mislykka)» og «Me to går alltid aleina».

For ikkje å gløyma Vestlandets nasjonalsong, «Tore Tang».

– Vi var i kontakt med managementet Stageway og fekk ordna oss billettar, så var det å leiga ein litt raskare båt frå Tide, seier Helge, som saman med Sigvard Madsen arrangerer båttur frå Bergen via blant anna Os, Venjaneset, Våge og Stord tur retur Jåttavågen ved Viking Stadion i Stavanger.

Vil kanskje leiga større båt

Helge, som jobbar som kaptein i NORLED (tidlegare Tide Sjø), arrangerer turen saman med to kollegaer, Sigvard Madsen (også kjent frå Tysnesfest) og Arne Halhjem, som skal styra båten til Stavanger.

Dei tre er også blant dei 11 eigarane i Det Midthordlandske Dampskibsselskap AS, som eig og driv veteranbåten MS Midthordland.

– Det er MDS som står som arrangør og salet går veldig bra. Til no har vi selt 110 av 190 billettar, så vi må høyra med Tide om dei har ein større båt til oss, i tilfelle det gode salet held fram.

Båten går frå Os klokka 13 på konsertdagen 9. juni. Du treng ikkje tenkja på hotell i Stavanger for båten går tilbake til Os frå Jåttavågen i 23.30-tida.

Må gå til Stavanger

Konserten på Viking Stadion speler opp til Mods-musikalen i Stavanger Konserthus hausten 2012.

På Viking Stadion stiller Mods med fullt band; Morten Abel, Helge Hummervoll, Leif Nilsen, Kurt Olsen, Torkild Viig, Tor Øyvind Syvertsen, Runar Bjaalid og Stene Osmundsen.

Ikkje alle kan kjøpa båtbillett til turen. Konsertanmeldar Einar «Engelen» Engelstad i Bergens Tidende sa nemleg til Stavanger Aftenblad, då han høyrte om konsertplanane og håp om å selja 25.000 billettar, at det høyrtes ut som århundrets luftslott.

Engelen sa at dersom dei selte 10.000 billettar skulle han bøya seg i støvet og dersom arrangørane, mot alle odds, passerte 20.000 selte, skulle han gå til Stavanger for å anmelda konserten.

Og sånn gjekk det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.